Skriftlig spørsmål fra Tove Karoline Knutsen (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1321 (2015-2016)
Innlevert: 17.06.2016
Sendt: 17.06.2016
Besvart: 24.06.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Tove Karoline Knutsen (A)

Spørsmål

Tove Karoline Knutsen (A): Høsten 2015 vedtok et enstemmig storting å sikre Veterinærinstituttets avdelinger innen grønn sektor og havbruk i Nord-Norge. I debatten om saken sa daværende landsbruks- og matminister Sylvi Listhaug følgende: Det er naturlig for meg å følge opp denne saken i tråd med Stortingets vedtak. Det vil bli gjort overfor Veterinærinstituttet.
Kan statsråden forsikre om at Stortingets vedtak er tydeliggjort overfor Veterinærinstituttet og fulgt opp i deres besluttende organer?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Landbruks- og matdepartementet har i tildelingsbrevet til Veterinærinstituttet for 2016 bede om at dei følgjer opp Stortinget sitt vedtak om å sørgje for at Veterinærinstituttet sin kompetanse og verksemd innan grøn sektor og havbruk i høvesvis Tromsø og Harstad vert vidareført.
Eg har no fått informasjon frå Veterinærinstituttet om at dei har følgt opp Stortinget sitt vedtak og vidareført aktiviteten i høvesvis Harstad og Tromsø på same nivå som i 2015.
Når det gjeld Harstad, opplyser Veterinærinstituttet at seksjonen der har same bemanning i 2016 som i 2015. Seksjonen har tett kontakt med havbruksnæringa i Nord-Noreg og kompetansen til eininga er viktig for å sikre god beredskap og diagnostikk innan akvakulturnæringa i heile landsdelen. Mengda prøver som er undersøkt hittil i 2016 er på same nivå som i tilsvarande periode i 2015.
Seksjonen i Harstad deltek i fleire utviklingsprosjekt, mellom anna helse og sjukdom hos rognkjeks, som er viktig i arbeidet med lakselus. Vidare har dei samarbeidsavtale med Nordlaks om å bidra i utviklinga av deira nye havfarm. Eininga i Harstad har òg ansvar for overvakingsprogrammet for Gyrodactylus salaris hos laks.
Nytt av året er etableringa av eit overvakingsprogram for radioaktivitet i matkjeden. Ved laboratoriet i Harstad har dei kjøpt inn utstyr og etablert kompetanse slik at dei kan delta i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Når det gjeld Tromsø, opplyser Veterinærinstituttet at eininga der har same bemanning i 2016 som i 2015. Frå og med 1.1.2016 halverte Veterinærinstituttet prisen på obduksjonar av produksjonsdyr utført ved laboratoriet i Tromsø. Talet på obduksjonar i perioden 1.1.2016 – 31.5.2016 ligg på same nivå som i 2015. Dei fleste prøvene kjem òg no frå område relativt nær Tromsø. Dei har ikkje motteke prøver frå Nordland sør for Bodø i denne perioden, og frå Finnmark har dei motteke berre ein rein og eitt kjæledyr.
Denne våren har eininga i Tromsø gjennomført eit utviklingsprosjekt der ein har studert årsaker til abort hos småfe. Dei har òg delteke i prosjektet «leddbetennelse hos lam» som er finansiert av Animalia.
Vidare har Veterinærinstituttet i Tromsø vore ansvarleg for å produsere ein instruksjonsfilm om feltobduksjon for praktiserande veterinærar. Dette er gjort i regi av Veterinærinstituttet sitt prosjekt "Modernisering av beredskapen, landdyr". Eininga i Tromsø har nyleg òg arrangert kurs i miltbrannsdiagnostikk for 34 veterinærar i Mattilsynet, region nord.
Tidlegare denne månaden fekk Veterinærinstituttet i Tromsø 596.000 kroner frå Utviklingsfondet til reindrifta for å gjennomføra prosjektet "Kartlegging av helse og sjukdom hos rein ved auka samling og fôring".