Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1381 (2015-2016)
Innlevert: 27.06.2016
Sendt: 27.06.2016
Besvart: 01.07.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Ein forstår ut frå oppslag i media at det framleis er slik at det er mangel på tillit mellom fiskeri- og havbruksnæringa og Havforskningsinstituttet.
Kva vil statsråden gjera for å bygga opp at denne heilt naudsynte tillita?

Begrunnelse

Det har over tid vore kjent at det er ei konflikt mellom Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) og Havforskningsinstituttet (HI). I denne saka har statsråden hatt eit møte som seinare i media endte opp med ein diskusjon om statsråden sitt syn på forskning.
Det er ei anna sak knytt til tilhøvet mellom HI og fiskere knytt til bestanden av NVG-sild. Her oppfatter eg det slik at statsråden har ubetinga tillit til HI.
Stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik, skriv i eit innlegg på ilaks.no: "Fra mitt politiske ståsted vil det være svært mangelfull forskning om metodevalgene som er gjort har påvirket resultatene." Det er oppsiktsvekkjande å gjera val av metode innan forskninga til eit spørsmål om politisk ståstad.
For å ta rette politiske val er det naudsynt at stortinget kan ha tillit til den forskinga som skjer og at regjeringa har eit avklara syn forskninga si rolle. Det er og naudsynt at det er tillit mellom næringa og forskinga.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Eg er einig i at vi må ha tilstrekkeleg tillit mellom næringa og forskarane som gjev råd. Det vil likevel alltid vere diskusjonar og usemje mellom aktørar som har ulike rollar i fiskeri- og havbrukssektoren. Det er store verdiar involvert og ulike kjelder til kunnskap. Representanten Pollestad peikar på at vi den siste tida har opplevd manglande tillit mellom somme miljø og Havforskingsinstituttet. Dette gjeld spesielt spørsmål knytt til forskingsprosjekt med utgangspunkt i Guddalselva og berekninga av norsk vårgytande sild. Vi har også motteke meir generelle synspunkt frå næringa, som at rolleutøvinga til instituttet synest å vere noko ulik på fiskeri- og på havbruksområdet.
Det er tre ting eg meiner det er viktig at eg som fiskeriminister gjer i ein slik situasjon. Eg skal sørgje for at vi har eit fagleg solid forskingsmiljø som gjev gode råd ut frå gjeldande kunnskap. Eg skal bidra til at aktørane eg er ansvarleg for har ei god og einsarta rolleforståing og eg skal vere med å skape gode arenaer for dialog med næringa.
Råda styresmaktene tek imot skal vere forankra i uavhengig forsking av god kvalitet. Forskinga skal vere kvalitetssikra blant anna gjennom fagfellevurderingar, og forskingsmiljøa må evaluerast grundig med jamne mellomrom.
Råda om kvotefastsetjing av bestandane blir gjevne av det internasjonale råd for havforsking (ICES). ICES samanstiller tilgjengeleg kunnskap, både frå vitskaplege undersøkingar og frå fiskeria, om det marine miljøet og dei levande marine ressursane. Målet er å gje kunnskapsbaserte og fagleg uavhengige råd. Det er forskargrupper med deltakarar frå ulike land som til slutt gjev dei endelege råda frå ICES. ICES er ein berebjelke i forvaltninga vår og gjev legitimitet i internasjonale forhandlingar om forvalting av felles fiskebestandar. Dei har sidan 2012 også rørt seg inn på havbruksområdet. Det synest eg er bra. Vi treng ein sterk internasjonal rådgjevar også på havbruksfeltet.
Havforskingsinstituttet blei evaluert i 2012. Eit gjennomgåande bilete frå evalueringa er at instituttet står støtt innan dei tradisjonelle arbeidsområda knytt til fiskeriforvaltninga. Instituttets rolle og faglege bidrag til forvaltningsrådgjeving er meir omdiskutert på nyare arbeidsområder som akvakultur og petroleumsrelaterte spørsmål. Mykje er skjedd sidan 2012, og Havforskingsinstituttet vil derfor vere ein del av ei ny evaluering av primærnæringsinstitutta som Forskingsrådet no set i gong. Eg arbeider også med å få oppnemnd eit nytt Faglig råd for Havforskingsinstituttet. Rådet skal bestå av internasjonale ekspertar og ei av oppgåvene rådet får er evaluering av instituttet sine program, medrekna forskinga i Guddalselva.
Nærings- og fiskeridepartementet og Havforskingsinstituttet må samarbeide om å finne forbetringspunkt som kan gjere at Havforskingsinstituttets rolle som leverandør av kunnskap og rådgjeving verken er- eller blir oppfatta som ulik på forskjellige område. Eg har allereie satt i gang eit internt arbeid som omfattar styringsrelaterte utfordringar, der dette vil vere eit tema.
Eg vil fortsette å oppmode til dialog mellom partane der det er usemje. Eg veit at Sjømat Norge og Havforskingsinstituttet har hatt møte der det er fagleg usemje. Eg veit også at Havforskingsinstituttet etter nylege oppslag i media igjen har invitert Norske Sjømatbedrifters Landsforening til møte slik at partane kan ha ein dialog om, og ein fagleg gjennomgang av forskinga. Eg har som sagt oppmoda partane til å gå i dialog, og eg er tilfreds med å sjå at dette no skjer.
Eg vil også nemne at det er etablert årlege dialogmøter om både overvaking av rømt oppdrettsfisk og luseovervaking. Desse møta bidreg til openheit mellom anna omkring overvakingsmetodar, og gjev næringa høve til å kome med innspel til forbetringar. Dette er viktige møte for å skape tillit mellom næring og forvaltning.
I arbeidet med å etablere ein indikator for lakselus i samband med det nye vekstsystemet for havbruk, er no alle relevante kunnskapsinstitusjonar inviterte med på laget. I det siste arbeidsgruppemøtet var óg næringsorganisasjonar og miljøorganisasjonar inviterte til å delta. Dette førte til gode diskusjonar i gruppa og bidreg til transparens og openheit som vil gje aktørane tillit til det nye vekstsystemet.
Metodeutvikling skjer heile tida og det er allereie etablert fleire arenaer der næringsaktørar og næringsorganisasjonar kan gje innspel til både bestandsestimering og forvaltning, og der næringsaktørar og forskarar samarbeider om felles utfordringar.
For å sikre god dialog og samarbeid mellom forsking og næring oppretta departementet i fjor eit Faglig råd for ressursforsking (FUR). Formålet med det nye utvalet er å utveksle informasjon om forvaltningsretta forsking og erfaringane til næringa, ved at aktuelle faglege problemstillingar blir presenterte og drøfta. I tillegg skal FUR vere ein arena der fiskerinæringa kan fremje innspel og råd om forskings- og overvakingsfaglege problemstillingar og prioriteringar knytt til dei viltlevande ressursane i havet. Eg vil også nemne referansegruppa for ressursforsking. Det er også eit samarbeid mellom næringa og forskarar og skal ta føre seg emne som krev meir fordjuping enn FUR.
Sjølv om det er usemje mellom næring og forsking om vurderinga av enkelte bestandar og tolkinga av enkelte forskingsprosjekt, er det mi oppfatning at det generelt er god dialog mellom næring og forsking og gjensidig respekt for dei rollene begge leirar skal utøve.