Geir Pollestad (Sp): Kva føringar har regjeringa lagt for Fylkesmennene når dei skal utarbeide sitt innspel til "kommunereforma" og skal dei legga til grunn Stortinget sitt syn på tvang?
Begrunnelse
Fleirtalet i kommunalkomiteen har sagt dette om tvang og frivilligheit i kommuneproposisjonen 2015 (Prop. 95 S (2013-2014)):
"Unntak fra frivillighetsprinsippet vil likevel kunne være aktuelt i helt spesielle situasjoner der enkeltkommuner ikke må kunne stanse endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn."
Det er altså understreka at det berre må skje i "helt spesielle situasjoner".
Det er fleire gonger sagt at det er for å unngå at ein kommune står i vegen for å etablera ein storkommune der fleire andre seier ja.
For å ta utgangspunkt i dei vedtak ein har gjort i kommunane i Rogaland vil det ikkje vera rom for Fylkesmannen å gjera andre vedtak enn dei kommunestyra har gjort. Det er ingen døme på at ein kommune hindrar andre i å slå seg saman. Der ser ut som om kommunereforma i Rogaland ender med at Finnøy og Rennesøy kommunar vert lagt inn under Stavanger kommune og Forsand vil verta innlemma i Sandnes.