Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:1392 (2015-2016)
Innlevert: 29.06.2016
Sendt: 30.06.2016
Besvart: 05.07.2016 av ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Elisabeth Vik Aspaker

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil regjeringa arbeide for at Noreg utnyttar moglegheitene som opnar seg etter at Storbritannia har avgjort at dei trekker seg frå EU med omsyn til eventuelt samarbeid med Storbritannia gjennom EFTA, og vil regjeringa kome til Stortinget med ein strategi på dette området?

Begrunnelse

I artikkel 56 i EFTA-konvensjonen vert det stadfesta at «enhver stat kan tiltre denne konvensjon, forutsatt at Rådet vedtar å godkjenne tiltredelsen, på de betingelser og vilkår som er fastsatt i vedtaket».
Neue Züricher Zeitung skriv tysdag 27. juni at Island på EFTA-ministermøtet i Bern nyleg sette fram ynskje om å formidle ei positiv haldning ovanfor Storbritannia i høve medlemskap i EFTA. Noreg har på si side motsett seg dette forslaget, i følgje Neue Züricher Zeitung.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Eg takker representant Navarsete for spørsmålet.
Det er uvisst korleis Storbritannia sitt tilhøve til EU vil utvikle seg i kjølvatnet av folkerøystinga. Prosedyren for å tre ut av EU (artikkel 50 i Traktaten om Den europeiske union) er førebels ikkje sett i funksjon. Når dette skjer, vil ein stå overfor ein lang prosess, der utfallet er ukjent. Inntil vidare vil vi difor ha å gjera med eit Storbritannia som er fullverdig medlem av EU.
Samstundes er det klart at framtidige endringar i tilhøvet mellom Storbritannia og EU også vil påverke norske interesser, og vi vil følgje situasjonen svært nøye i tida framover. EFTA-landa er samde om at det på noverande tidspunkt er for tidlig å drøfte ei eventuell tilknyting for Storbritannia til EFTA. Vi må vente på kva Storbritannia sjølv ønskjer. Det var ikkje usemje mellom EFTA-landa om dette på EFTA-ministermøtet 27. juni. Regjeringa har også satt i gang eit arbeid for å vurdere alle sidene ved det framtidige tilhøvet mellom EU og Storbritannia og konsekvensane dette kan få for Noreg.