Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sørgje for at Helsedirektoratet snarast mogleg føl opp fleirtal merknader frå innstillinga i Opptrappingsplan for rusfeltet (2016-2020) og Stortingets vedtak om LAR -behandling og graviditet gjort i saka, slik at dette får konsekvensar for pågåande revidering av retningslinjer for gravide i LAR?
Begrunnelse
Viser til brev frå Barneombodet til Helsedirektøren datert 29/6-16, som oppfølging av svarbrev frå Helsedirektoratet til Barneombodet datert 25/5-16. Barneombodet er bekymra for at Helsedirektoratet ikkje føl opp det som er den samla politiske målsettinga for området, og som kjem tydeleg fram i fleirtalsmerknader i innstillinga til den nyleg behandla opptrappingsplanen for rusfeltet. I svarbrevet frå Helsedirektoratet verkar det som om at fleirtalsmerknader og stortingsvedtak har lita interesses for fagpersonane i direktoratet, sidan dei avfeiar problemstillinga med å vise til at dette kan ein drøfte i ein konsensuskonferanse, som kanskje kan gjennomførast i 2017!
Stortinget gjorde tre konkrete vedtak, og hadde fleire merknader der ein problematiserte praksisen der barn blir født med abstinensar på grunn av LAR- medikamentbruk under mors graviditet. Vedtak 627 ba regjeringa vurdere å gi alle kvinner med alvorleg rusmiddelavhengighet, tilbod om langtidsverkande prevensjon. Vedtak 628 ba regjeringa sørgje for at det blir stilt krav til helsetenesta om å gi alle kvinner i reproduktiv alder som skal starte opp i LAR, grundig informasjon om LAR- behandling og graviditet. Kvinner i LAR som ønskjer å få barn, må få tilbod om hjelp til nedtrapping av LAR- medikament, men det vert understreka at det må gjerast individuelle vurderingar av konsekvensane av eventuell nedtrapping. I vedtak 629 ba Stortinget regjeringa innføre ei enkel og utbyråkratisk ordning som kan gi kvinner i LAR gratis langtidsverkande prevensjon ved oppstart i LAR.
På tross av dette held Helsedirektoratet tilsynelatande på dei gamle retningslinjene, og vil ikkje endre på desse eller endre på praksisen for gravide i LAR på tross av Stortingets klare bodskap. Spørsmålsstillar viser også til at Barneombodet i brevet viser til problem med habilitet i denne saka.