Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for kvifor fuktighetskremar som Canoderm, AD-vitaminkrem og andre ikkje blir tilgjengeleg på blå resept for pasientar med ichtyoser, og vil statsråden ta initiativ til at fuktighetskremar slik som Canoderm og AD-vitaminkrem blir tilgjengelege på blå resept for pasientar med ichtyoser?
Begrunnelse
Pasientar med moderat til alvorlig atopisk eksem har frå 1. april 2016 fått dekt utgifter til kløestillande og førebyggande Canoderm fuktighetskrem på blå resept §2. Pasientar med sjukdomar i gruppa ichtyose ("fiskehud") har livslange plager med kløande, tørr hud lik dei som har atopisk eksem, og dei har typisk behov for store mengder lindrande fuktighetskrem. Sidan ichtyoser er sjeldne sjukdomar, er det usannsynleg at det vil bli gjort systematiske studier for å dokumentere behandlingseffekt med ulike fuktighetskremar for denne gruppa. Det synes klart at dagens system ikkje ivaretek denne pasientgruppa sitt behov for livslang behandling av sin hudsjukdom.