Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1406 (2015-2016)
Innlevert: 01.08.2016
Sendt: 01.08.2016
Besvart: 12.08.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva vil regjeringa gjere for å bistå Sykkylven kommune og kaieigar med å fjerne MV Krasnoselsk, slik at vraket i framtida ikkje vil føre til tapte moglegheiter og inntekter for næringslivet i området?

Begrunnelse

Den russiske trålaren MV Krasnoselsk forliste ved kai i Hundeidvik i Sykkylven 26. desember 2011. Trålaren er tømd for olje, men ligg til hinder for båttrafikken til kaia. Kaieigar har no, saman med kommunen, teke initiativ til å få flytte vraket nokre meter for å gje passasje for båttrafikk. Dette er så langt avvist av statlege myndigheiter, av di det blir rekna som dumping. Når det har synt seg umogleg å få reiar og forsikringsselskap til å ta ansvar for å fjerne vraket, og initiativet om flytting truleg vert stoppa av forvaltinga, er ein tilbake til start. Det må seiast å vere svært urimeleg å legge ansvaret for å fjerne vraket på kommunen og kaieigar, og spørsmålet er kva regjeringa vil gjere for å få fjerna dette vraket som i snart fem år har skapt store problem for Hundeidvik og Sykkylven.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Den russiske trålaren MV "Krasnoselsk" sank ved kai i Hundeidvik i Sykkylven kommune 25. desember 2011 under stormen "Dagmar". Fartøyet hadde ca. 80 tonn diesel og 5 tonn smøreolje om bord da det sank.
Eg vil framheve at det er forureinar som har ansvar for og plikt til å sørge for nødvendige tiltak for å hindre forureining og etterkomme pålegg gitt i medhald av reglane i forurensningsloven.
Kystverket ga 26. desember 2011 eigaren av MV "Krasnoselsk" pålegg om å sette i verk tiltak for å hindre og begrense akutt forureining frå havarist. Vidare har Kystverket, med heimel i forurensningsloven, gitt eigar pålegg om å fjerne fartøyet.
Det har i denne saka generelt vore vanskeleg å få ansvarleg eigar til å følgje opp pålegga.
Det var ikkje ubetydelig med petroleumsprodukt i havaristen. Ved ein lekkasje ville oljen kunne forureine eit viktig hekkeområde for sjøfugl som ligg i nærleiken av vraket og spreie seg til eit større område og påverke andre naturområder samt fiskeoppdrettsanlegg. Kystverket bestemte på denne bakgrunn å gjennomføre tiltak på vegne av ansvarleg forureinar. Fartøyet MV "Krasnoselsk" er nå tømt for olje og utgjør såleis ikkje lenger nokon fare for akutt foreining. Utgifter som Kystverket er blitt belasta i samband med tømmeoperasjonen vil bli kravd dekkja av ansvarleg eigar.
Eg har stor forståing for at kaieigar og Sykkylven kommune ønskjer at vraket blir fjerna. Det er som nemnd den som vedtaket er retta mot som har plikt til å fjerne vraket. Vidare har kommunen eit sjølvstendig ansvar for sikkerheit og framkomelegheit i kommunens sjøområde. Dersom kommunen meiner at vraket hindrar dette, har dei på den bakgrunn myndighet til å fatte eit vedtak om fjerning av vraket etter havne- og farvannsloven.
Sykkylven kommune kan i så fall følgje opp saka med Miljødirektoratet som ansvarleg myndigheit.