Skriftlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1413 (2015-2016)
Innlevert: 01.08.2016
Sendt: 01.08.2016
Besvart: 08.08.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Er samferdsleministeren samd med NSB i at jernbanestasjonen på Finse skal leggjast ned, eller ser han at meirverdien dei to tilsette der representerar meir enn forsvarar kostnadane?

Begrunnelse

I følgje medier som Bergens Tidende og Hordaland har NSB vedteke at den betjente jernbanestasjonen på Finse skal leggjast ned 1. oktober i år.

Dette skjer i eit tid der satsinga på jernbane, ikkje minst Bergensbanen, er historisk stor i frå regjeringa og samarbeidspartia Venstre og Krf si side. For Finse betyr dette mellom anna svært stor trafikk av syklistar sommartid og skigåarar vinterstid. Lokalsamfunnet og infrastrukturen på Finse er i stor grad bygd opp som eit resultat av jernbanen, og er i dag svært avhengig av NSB og tilbodet og servicen dei til ei kvar tid har tilgjengeleg. Samstundes som NSB utvilsamt tener på attraktiviteten til Finse og Finsesamfunnet.

At stadig fleire reisande bestiller togbillettar elektronisk, får nødvendigvis følgjer for mannskapsbehovet på jernbanestasjonane. For reisande til Finse, næringsdrivande på Finse og lokalsamfunnet der, representerar dei to tilsette NSB likevel langt meir enn ein jernbanestasjon og billettsal. Dei er mellom anna ''beredsskapssentral", og døma på kor viktig det har vore og er, ikkje minst når veret ikkje tillet helikoptertrafikk, er fleire. For næringsdrivande som logistikkmessig er heilt avhengig av toget, er det uvurdereleg å kunne ha direkte kontakt med tilsette i NSB, ikkje minst når uføresette ting skjer.

Og sjølv om høgfjellstrekka på Bergensbanen er manaleg tryggare i dag enn i stordomstida lunefullt at til Finse reint jernbanemessig, er fjellet uventa hendingar både kan og vil skje. Då tilsette utgjera forskjellen på katastrofe framleis så kan to lokalkjende, og ein lukkeleg røynde NSB utgang.

Det historiske ansvaret, betydinga dei NSB - tilsette har i dag for tryggleik, beredskap og infrastruktur på Finse, gjer ein meirverdi som tilseier at ein opprettheld stillingane på Finse, ikkje legg dei ned.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Samferdselsdepartementet er opptatt av at dei reisande skal oppleve NSB som ei kunde- og serviceorientert verksemd, og me er kjende med at NSB jobbar målretta med dette. Saman med NSB er også Jernbaneverket og Finse 1222 aktørar på Finse stasjon, og tar saman hand om oppgåver på stasjonen. Som representanten Breivik tar opp har NSB etter ei heilskapleg vurdering vedtatt å avvikle billettsalet ved blant anna Finse stasjon på Bergensbanen, då sal av billettar over skranke står for ein lav del av det totale billettsalet. Dette har allereie skjedd ved ein rekkje stasjoner i landet for øvrig. Dette betyr at NSB ikkje lenger vil ha stadlege tilsette på stasjonen. Det betyr ikkje at stasjonen vert nedlagt eller at han mister nærvær frå dei andre aktørane på Finse.

Kundanes behov for billettkjøp vil bli løyst gjennom sjølvbetjente løysingar som billettautomatar, nsb.no og NSBs billettapp, som er i tråd med NSB sin distribusjonsstrategi.

Hjelp i forbindelse med av- og påstiging vil dei reisande få bistand med frå togpersonalet, som har ei viktig rolle i kontakten med kundane.

Andre gjeremål på stasjonen, som NSB-tilsette har utført, men som ligg utanfor NSB sitt ansvarsområde, vil bli overtatt av andre aktørar. Jernbaneverket har nyleg gjennomført ein anbodsprosess for å samle og ivareta oppgåver på Finse. Dette anbodet vant Finse 1222.

Det er grunn til å tru at Finse 1222 vil ha ei interesse av å halde fram med å sørgje for gode opplevingar for reisande til området.

På Finse er det utleige av syklar til turistar som skal sykle Rallarvegen av Finse 1222 og Haugastøl Turistsenter. Desse selskapa har avtale med NSB om returtransport av syklar til Finse og Haugastøl, og denne avtalen vert oppretthaldt.

Omsynet til beredskap har blitt vurdert i avgjerda om å avvikle det betjente billettsalet. Jernbaneverket har avtale med Finse 1222 om innlosjering og forpleiing i ein krise- og beredskapssituasjon. Finse 1222 har derfor alltid personale på Finse, også når hotellet er stengt. Om vinteren har Jernbaneverket også eige personale (snøkoordinator) til stades. I tillegg har toga på Bergensbanen den seinare tida fått ekstra utstyr om bord, og NSB sine tilsette har god opplæring og er dermed godt rusta om noko skulle skje. Vidare har nødetatane og Røde Kors beredskapsordningar om noko skjer i høgfjellet og er tilgjengeleg for dei som treng det.

Me viser også til NSB si pressemelding om Finse stasjon av 30. juni, sjå https://www.nsb.no/om-nsb/for-presse/pressemeldinger/finse-stasjon-bestar.