Kjersti Toppe (Sp): Kan helse- og omsorgsministeren gje svar på kor lang gjennomsnitts liggetid på barsel dei ulike helseføretaka legg til grunn når dei skal planlegge og dimensjonere behovet for barselrom i framtidige sjukehusbygg og fødeavdelingar, og om regjeringa har ein plan for korleis kommunane skal få bygd opp barseltilbodet til nybakte mødrer, slik at dei nye nasjonale retningslinjene faktisk kan bli fylgd opp?
Begrunnelse
Barselomsorga har vore i endring i dei siste åra, med gradvis forkorting av liggetid på sjukehus og tidlegare utskriving til heim og oppfølging i kommunehelsetenesta. Underteikna er gjort kjent med at Haukeland sjukehus planlegg for at 60 prosent av dei fødande i framtida skal reise heim 6 timar etter fødsel, og ber om ei stadfesting av om dette kan vere riktig informasjon, og om dette og er "malen" i andre helseføretak. Dei nye nasjonale retningslinjene for barselomsorga krev ei sterk oppgradering av kommunehelsetenesta sitt barseltilbod, i og med at mange nybakte mødrer i dag ikkje opplever å bli godt nok ivaretatt i barseltida. Ammeandelen er og blir redusert, noko som er svært bekymringsfullt. Om gjennomsnitts liggetid på sjukehus skal bli ennå kortare enn i dag, krev det ekstra omstilling og forbetring av tilbodet i kommunane. Det er derfor viktig at kommunane i god tid får vite kva spesialisthelsetenesta planlegg når det gjeld utviklinga av barseltilbodet i nær framtid.