Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden syte for at dei ugraderte delane av rapporten frå FFI vert offentleggjort i sin heilskap snarast, og at forskarane bak rapporten får høve til å leggje fram dei graderte delane av rapporten ovanfor UFK seinast ved høyringa til Forsvarets langtidsplan som tek til 24. august?
Begrunnelse
Klassekampen skreiv fredag 8. juli at ein kritisk rapport frå Forsvarets forskingsinstitutt som omhandla konsekvensane av kutt i Hæren vart stansa etter at sjefen for langtidsplanlegging i Forsvarsdepartementet tok kontakt med instituttet.
Rapporten hadde ifølgje Klassekampen tittelen «Strategisk overfall med fiendtlig luftlandsetting – håndtering uten egen landkomponent». Bakgrunnen for rapporten var ifølgje Klassekampen at Landmaktavdelingen ved FFI hadde fått i oppdrag å teste korleis ein struktur med svekka landmakt ville fungere under ein lett russisk invasjon av Finnmark.
Klassekampen viser til at forskerane ved FFI i rapporten har undersøkt eit scenario der den mekaniserte brigaden vert lagt ned. Rapporten slår ifølgje Klassekampen fast at Noreg då ikkje vil vere i stand til å møte sjølv ein lett styrke som tek seg inn i dei nordlegaste delane av landet. Sjølv om rapporten i følgje Klassekampen vart ferdigstilt for over eit halvt år sidan, er den enno ikkje publisert.