Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1441 (2015-2016) Innlevert: 12.08.2016 Sendt: 12.08.2016 Rette vedkommende: Fiskeriministeren Besvart: 23.08.2016 av fiskeriminister Per Sandberg
Geir Pollestad (Sp): Kva vil regjeringa gjera for å sikra eksporten av norsk økologisk laks?
Per Sandberg: Vi er godt orienterte om situasjonen og konsekvensane for norsk laks i EU-marknaden som følgje av at EU sitt økologiregelverk ikkje er implementert i EØS-avtalen. Eg arbeider tett med EØS/EU-ministeren og landbruks- og matministeren om saka fordi økologiregelverket òg vil påverke produksjon av økologiske landbruksvarer. Vi vil på kort sikt gjere det vi kan for å sikre ei overgangsordning slik at laksen framleis kan eksporterast til EU med EU sin logo for økologiske produkt. Det vil bli halde fleire møter med Europakommisjonen i september. Eg har òg drøfta saka med den islandske ministeren i eit møte 16. august i og med at Island og Noreg må vere samde om å implementere EU sitt regelverk i EØS-avtalen. Målet er å kunne oppretthalde eksport til EU-landa av økologisk produsert laks. Dei neste vekene vil syne korleis vi kan få dette til.