Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1443 (2015-2016)
Innlevert: 12.08.2016
Sendt: 15.08.2016
Besvart: 23.08.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gi svar på kor stor andel av elevar som innfrir nye krav til svømmedyktigheit, kor mange timar elevar i gjennomsnitt får i symjeundervisning i grunnskulen og vil regjeringa legge fram ein handlingsplan for å auke antal timar med symjeundervisning allereie frå fyrste klasse og som viser korleis og kortid dei nye krava til svømmedyktigheit skal bli implementert og gjelde for alle elevar i grunnskulen?

Begrunnelse

Hausten 2015 blei det innført nye krav til svømmedyktigheit i kroppsøving. Ifølge kompetansemåla skal elevane på 4.trinn blant anna kunne falle uti på djupt vatn, svømme 100 meter, dykke ned og hente opp ein gjenstand frå bassengbotn, stoppe og halde seg flytande i tre minutt for så å svømme 100 meter rett tilbake til land. Ifølge NIFUs rapport blant skuleleigarar gir halvparten av skulane symjeopplæring frå fyrste klasse. Mesteparten av undervisninga skjer i fjerde trinn, men det er stor variasjon i kor mange timar symjeundervisning elevane får. Ved ein av fire skular får elevane maksimalt ti timar syning i heile fjerdeklasse.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Regjeringa er opptatt av å styrke barn og unge sine symjedugleikar. Vi har innført nye kompetansemål for symjing, og vi reviderte samstundes rundskrivet om forsvarleg symje- og livredningsopplæring i grunnskoleopplæringa. Det er også løyvt 25 millionar til ei tilskotsordning for symjing i barnehagane og 10 millionar til ei tilskotsordning for symjing for nykome elevar.
Dei nye kompetansemåla for symjing vart innførte hausten 2015. Det er no tydeleg og konkret skildra kva elevane skal kunne og kva det vil seie å vere symjedyktig. Å organisere og gjennomføre symjeopplæring er ikkje noko nytt for kommunane, og dei nye kompetansemåla er først og fremst ei konkretisering av kva symjedugleik inneber og dei gjer tydeleg kva ansvaret til skolane er. Som med all anna opplæring, er det kommunane og skolane som vel korleis dei organiserer symjeopplæringa. Det er skolane og lærarane som har ansvaret for å gjennomføre opplæringa slik at elevane kan nå dei ulike kompetansemåla i læreplanen. Det betyr mellom anna at nasjonale myndigheiter ikkje legg føringar for kor mange timar symjeopplæring skolane skal gi elevane. Regjeringa meiner at dette er ein del av den profesjonelle kompetansen som skolane og lærarane har, og som vi frå nasjonalt hald verken skal eller bør detaljstyre.
For å støtte kommunane og skolane har Utdanningsdirektoratet, med utgangspunkt i dei nye kompetansemåla og saman med dei frivillige organisasjonane, utvikla testøvingar for ein trinnvis progresjon frå tilvenjing i vatnet til symjedugleik. Utdanningsdirektoratet har også hatt på høyring eit forslag til ein dugleiksprøve i symjing. Fleirtalet av høyringsinstansane er positive til ein slik dugleiksprøve, og dei er einige om at den må sjåast i samanheng med prinsippet om tilpassa opplæring og som ein del av eit pedagogisk opplegg. Høyringsinstansane peika også på at ein dugleiksprøve bør legge til rette for progresjon og høve til å sette i verk tiltak undervegs. Regjeringa vil med bakgrunn i dette innføre ein dugleiksprøve for symjing for elevar på 1.-4. trinn med utgangspunkt i testøvingane for tilvenjing til vatnet og symjedugleik. Dugleiksprøven skal delast opp i fleire delprøver og er i samsvar med synspunkta frå fleirtalet av høyringsinstansane om at delprøvene må gå over tid og vere ein del av eit pedagogisk opplegg. Dugleiksprøven er frivillig skoleåret 2016-2017, og blir deretter obligatorisk på alle skolar med 1.-4. trinn. Ein dugleiksprøve i symjing vil bidra til at skolane og kommunane kan følgje med på måloppnåinga til elevane. Det er ikkje lagt opp til nasjonal rapportering på dugleiksprøven.
Regjeringa har nyleg lagt frem fleire tiltak for betre symjeopplæring. Desse vil saman med dei nye kompetansemåla og dugleiksprøven vere ein del av regjeringa si symjepakke. Tiltaka tek utgangspunkt i fagleg støtte og omfattar ein nettportal for symjing, symje- og livredningskurs for lærarar og støttemateriell for å få til betre samarbeid mellom skolane, kommunane og dei frivillige organisasjonane. Eg har tillit til at kommunane og skolane no arbeider vidare med dei nye kompetansemåla og dugleiksprøven til det beste for elevane.