Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gi svar på kva føringar som blir gitt til helseføretaka når det gjeld å sende rekning på keisersnitt og anna fødetilbod, til kvinner som ikkje har sine juridiske papir i orden med omsyn til lovleg opphald, kor mange slike faktura dei ulike helseføretaka har sendt siste åra og om regjering vil endre lov og forskrift for å sikre alle barn rett til eit forsvarleg fødetilbod, uavhengig av betalingsevna til foreldra?
Begrunnelse
Viser til Bergens Tidende sitt oppslag 7/7-16 om foreldra til Keziah på Laksevåg i Bergen som fikk ei kostbar keisersnittrekning frå Haukeland Universitetssjukehus, som familien ikkje hadde moglegheit til å betale. Mora hadde på fødetidspunktet ikkje sine juridiske papir i orden, men faren og dermed det ventande barnet, var norske statsborgarar. Saka løyste seg og fakturaen blei trekt tilbake, men advokaten som representerer familien fortalte om mange liknande saker, som ikkje kjem i media.