Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1485 (2015-2016)
Innlevert: 25.08.2016
Sendt: 25.08.2016
Besvart: 02.09.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Lånekassen vurderer no å legge ned avdelinga i Ørsta, og sentralisere tenestene til Oslo. Ørsta-avdelinga har 22 tilsette med lang erfaring og høg kompetanse.
Meiner statsråden at å legge ned ei slik avdeling er i tråd med regjeringa sin politikk for statleg lokalisering av arbeidsplassar, og vil han stoppe dette sentraliseringsforsøket frå Lånekassen?

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Å tilby brukarvennlege og effektive tenester gjennom auka bruk av digitale og automatiske løysingar er ein sentral del av strategien til Lånekassen, og i tråd med måla regjeringa har om ein effektiv offentleg sektor.
Lånekassen har i dag kontor på seks stader i Noreg, inkludert i Ørsta. Ved fleire av kontora er oppgåvene i all hovudsak knytt til manuell sakshandsaming. Behovet for dette vil bli lågare i framtida. 26. august 2016 vedtok styret i Lånekassen ei samrøystes tilråding til Kunnskapsdepartementet om å endre kontorstrukturen i Lånekassen.
Styret i Lånekassen har foreslått at talet på kontor blir redusert frå seks til tre på sikt. To av kontora, Tromsø og Ørsta, er foreslått avvikla innan 1.januar 2020. I tillegg er det ein sentral del av forslaget at talet på tilsette i Oslo også blir redusert kraftig.
Forslaget skal nå handsamas i Kunnskapsdepartementet. Det er for tidleg å konkludere på kva som blir den endelege kontorstrukturen. Eg er glad for at Lånekassen på eige initiativ vurderer korleis dei best kan organisere seg for å sikre effektiv drift og best mulege tenester til elevar, studentar og tilbakebetalarar i framtida. Samtidig er det viktig for regjeringa å sikre ein fordeling av statlege arbeidsplassar som bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet. Arbeidet med å lokalisere nye arbeidsplassar utanfor Oslo skal forsterkast. Det vil også vere svært viktig for meg i vurderinga av dette forslaget.