Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1494 (2015-2016) Innlevert: 26.08.2016 Sendt: 26.08.2016 Besvart: 02.09.2016 av næringsminister Monica Mæland
Geir Pollestad (Sp): Kva vil statsråden gjera for at sikra at tilsette på norske skip i norsk farvatn er underlagt norske lovar og reglar?
Monica Mæland: Skipsarbeidslova regulerer arbeidsforhold i skipsfarten for arbeidstakarar om bord på norske skip jf. § 1-2 fyrste ledd. Skipstryggleikslova stiller offentlegrettslege krav til tryggleik, arbeidsmiljø og arbeidsforhold for sjøfolk og gjeld på norske skip, jf. §§ 2 fyrste ledd fyrste punktum og § 3 fyrste ledd. Dette regelverket sikrar rettar og plikter for sjøfolk på norske skip på ein god måte. Det følgjer av ILO Maritime Labour Convention, 2006 (MLC), som Noreg har slutta seg til, at flaggstatar skal etablere eit effektivt system for inspeksjon og sertifisering av arbeids- og levevilkår for skip som fører deira flagg. I skipsarbeidslova og skipstryggleikslova er det teke inn føresegner om tilsyn og sanksjonar som skal sikre at lova blir etterlevd. Sjøfartsdirektoratet fører tilsyn og har ansvar for handheving av både skipstryggleikslova og skipsarbeidslova.For tilsette på utanlandsregistrerte skip er hovudregelen at flaggstaten si arbeidsrettslovgiving gjeld.