Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1514 (2015-2016)
Innlevert: 31.08.2016
Sendt: 31.08.2016
Besvart: 07.09.2016 av næringsminister Monica Mæland

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Teknisk Ukeblad har den siste tida avslørt korleis norske skip har blitt bygd ved bruk av nordkoreanske tvangsarbeidarar på polske verft.
Kva vil næringsministeren gjere for å hindre at norske selskap direkte eller indirekte nyttar slavearbeidarar i sine verksemder?

Begrunnelse

Ein rapport frå Leiden University i Nederland har slått fast at dei nordkoreanske arbeidarane i Polen er tvangsarbeidarar, og at pengane verfta betalar for arbeidet deira hamnar tilbake til det nordkoreanske regimet i Pyongyang. Mellom anna gjeld dette skip frå Kleven, GC Rieber, Ulstein og Artic Shipping. Konfrontert med opplysningane hevdar selskapa at dei ikkje var kjent med at skipa deira vert bygd ved hjelp av nordkoreanske tvangsarbeidarar.

Vidare er det avslørt at Det norske Veritas har delt ut minst 140 sveitsesertifikat til nordkoreanske tvangsarbeidarar på dei polske verfta. Selskapet stadfestar desse opplysningane.

Dei nordkoreanske arbeidarane er leigd inn til dei polske verfta gjennom eit selskap ved namn Armex. Selskapet har tett band til det menneskerettsfiendtlege diktaturet i Nord-Korea. Brorparten av dei tilsette i firmaet er nordkoreanarar, og i 2016 var så mange som 39 av dei 44 tilsette i firmaet frå Nord-Korea.

I følge rapporten frå Leiden Asia Center (ved Leiden University i Nederland), mottar ikkje dei nordkoreanske tvangsarbeidarane løn utover minimale beløp som skal rekke til øl og sigarettar. Dei får ikkje lov å gå fritt rundt i Polen under tida dei oppheld seg i landet og får heller ikkje eigne arbeidskontraktar. Dessutan vert arbeidarane utsett for farleg arbeid, utan å få klede eller utstyr som kan reknast som trygt.

Det er urovekkande at desse verksemdene uforvarande kan nytte seg av slavearbeidarar, utan det blir oppdaga eller varsla om på eit tidlegare tidspunkt. Norske styresmakter si oppfølging av denne saka bør sørge for at slike saker ikkje oppstår i framtida.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Eg deler uroa over påstandane om uakseptable tilstandar ved einskilde polske verft. Dette er ei sak som departementet tek på alvor. Brot på grunnleggjande arbeidstakarrettar er under kvar omstende ikkje akseptabelt. Polen, andre EU-land og andre handelspartnarar må sørgje for forsvarlege arbeidsforhold i eige land. Eg føreset dessutan at norske selskap følgjer opp samfunnsansvaret hos leverandørane, heime så vel som ute.

Den norske modellen for arbeidslivet er basert på høy tillit mellom styresmakter, arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Tillitsforholdet - og at vi tek eit felles ansvar for å skape verdiar - er grunnpilarar i det norske samfunnet. Det er også noko av bakgrunnen for konkurranseevna vår på verdsmarknadene. Det norske samfunnet forventar evne hos selskapa til å ta ansvar.

I fleire av marknadene utanlands der norske selskap er aktive, kan standardar og rettar avvike frå eit ønska nivå. Norske selskap kan ved nærværet sitt medverke til ein positiv utvikling gjennom å setje høye standardar tilpassa det einskilde land.

Norske statlege eksportfinansieringsinstitusjonar deltek i finansieringa av norske leveransar til bygging av fartøy ved utanlandske verft. Nærings- og fiskeridepartementet har tatt kontakt med GIEK og Eksportkreditt Norge og blir heldt orientert om denne saka. GIEK og Eksportkreditt Norge følgjer saka tett. Dei informerer om at i den grad det kjem nye søknader om finansiering til prosjekter ved verft der det er mistanke om tvangsarbeid, vil dei krevje at det blir gjennomført uavhengige tredjepartsvurderingar av arbeidsforholda.

Regjeringa har ei heilt klar forventning om at selskapa, uansett om dei er privat eller offentleg eigd, skal vareta samfunnsansvaret sitt i samband med aktivitetane sine i utlandet. Dette inneber blant anna at dei skal sørgje for tilbørleg aktsemd, det vil seie gjere det dei kan for å sikre at produksjon skjer under akseptable tilhøve og at arbeidarane får ei lønn dei kan leve av. Blir selskapa merksame på forhold som er under kva vi vil oppfatte som akseptable, forventar regjeringa at selskapa gjer det dei kan for å betre situasjonen.

Den norske regjeringa forventar at alle norske selskap med internasjonal verksemd legg ILO sine kjernekonvensjonar om organisasjonsfridom, avskaffing av tvangsarbeid, barnearbeid og diskriminering til grunn for verksemda si. ILO sine kjernekonvensjonar skal vere ein minimumsstandard for selskapa, og selskapa bør følgje opp at dei blir overhaldne overfor underleverandørar i leverandørkjeda si.

Eg vil også nemne andre globale køyrereglar innanfor samfunnsansvar som Noreg har slutta seg til, blant anna OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap og dei rettleiande prinsippa frå FN for næringsliv og menneskerettar. For sistnemnde lanserte regjeringa ein eigen handlingsplan i 2015, med orientering om kva prinsippa går ut på og eigne punkt med tiltak frå styresmakta for å følgje dei opp. Mellom anna er det oppretta en tverrdepartemental arbeidsgruppe som ser på behovet for å følgje opp internasjonale vedtak og som skal sikre ei koordinert oppfølging av handlingsplanen blant departementa og andre statlege aktørar.

For det offentlege sin del nemner den nye lova for innkjøp frå det offentlege i § 5 om miljø, menneskerettar og andre samfunnsomsyn at offentlege oppdragsgjevarar skal ha egna rutinar for å fremje respekt for grunnleggande menneskerettar ved offentlege innkjøp der det er risiko for brot på slike rettar.

Eg vil understreke at regjeringa har god kontakt med næringslivet og sivilsamfunnet blant anna gjennom forum som regjeringa sitt konsultasjonsorgan for samfunnsansvar - KOMpakt. Der har ivaretaking av samfunnsansvar i leverandørkjeda vore tema. Vi ønskjer å fortsetje med dette gode samarbeidet.