Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til kulturministeren

Dokument nr. 15:1528 (2015-2016)
Innlevert: 01.09.2016
Sendt: 02.09.2016
Besvart: 09.09.2016 av kulturminister Linda C. Hofstad Helleland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kor mykje støtte er dei siste åra blitt utbetalt til ulike religions- og livssynsorganisasjonar frå stat og kommune for medlemer utan norsk statsborgarskap totalt og fordelt på organisasjon og/eller livssyn/religion?

Begrunnelse

Religiøse organisasjonar utanfor Den norske kyrkja får støtte frå staten og kommunane som omtrent tilsvarer dei budsjetterte løyvingane til Den norske kyrkja frå høvesvis staten og kommunane per medlem. Støtta blir gjeve for kvart medlem, og organisasjonen må gje opp fødselsnummeret til dei det blir kravd tilskot for. Fødselsnummera skal kontrollerast, og det skal undersøkjast om nokon er medlem av fleire organisasjonar (eller både medlem av Den norske kyrkja og éin eller fleire organisasjonar). Men det vert ikkje kontrollert for statsborgarskap.

Linda C. Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda C. Hofstad Helleland: Tilskottsordningane for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja har heimel i lov, jf. lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna (heretter trussamfunnslova) og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Ordninga tek sikte på økonomisk likebehandling av trus- og livssynssamfunna i Noreg. Trus- og livssynssamfunn kan krevje eit årleg tilskott per medlem frå staten og frå kommunar der det bur medlemer, som om lag svarar til dei budsjetterte utgiftene til Den norske kyrkja per medlem. Satsen for tilskott per medlem blir rekna ut ved at statens og kommunens budsjetterte utgifter til Den norske kyrkja blir delt på talet på medlemer i kyrkja.

Trus- og livssynssamfunna har rett til statstilskott for norske statsborgarar som er busette i Noreg og i utlandet, og for utanlandske statsborgarar som er busette i Noreg. Dei får kommunale tilskott for norske og utanlandske statsborgarar som er busette i ein norsk kommune.

Trussamfunnslova § 7 fyrste ledd lyder: «Den som ikkje er norsk riksborgar og heller ikkje har bustad i riket, vert ikkje rekna for å høyra til norsk trudomssamfunn etter denne lov.»

I lov om tilskott til livssynssamfunn § 5 fyrste ledd er det mellom anna slått fast at «[t]ilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar eller som har bustad i riket, …»

Ein tilsvarande regel gjeld dessutan for medlemskap i Den norske kyrkja. I lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke er det slått fast følgjande i § 3 nr. 1: «Bare person som er bosatt i riket og norsk statsborger bosatt i utlandet kan være medlem av Den norske kirke.»

Trus- og livssynssamfunna må kvart år sende inn ei liste med fødselsnummer for medlemene som dei krev tilskott for. Brønnøysundregistra kontrollerer lista opp mot Det sentrale folkeregisteret, medlemsregisteret for Den norske kyrkja og medlemslistene til dei andre trus- og livssynssamfunna. Formålet med kontrollen er å sikre eit mest mogleg korrekt grunnlag for utbetaling av tilskott. Mellom anna blir det kontrollert om medlemene er norske statsborgarar eller busette i riket.

Kvart år slettar Brønnøysundregistra alle medlemslister og personopplysingar før ny kontroll vert gjennomført. Slettinga er pålagt Brønnøysundregistra i forskrift om registrerte og uregistrerte trossamfunn § 5 fjerde ledd og forskrift om tilskott til livssynssamfunn § 3 femte ledd.

På grunn av den nemnde slettinga er det ikkje mogleg å rekne ut kor stort tilskott trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja har fått for medlemer utan norsk statsborgarskap i dei føregåande åra.

Den årlege kontrollen av trus- og livssynssamfunna sine medlemslister skjer i to rundar, ein på våren og ein på hausten. Den andre runden av årets kontroll er ikkje fullført enno.

Eg har henta inn tal frå Brønnøysundregistra som viser kor mange medlemer utan norsk statsborgarskap som vart klarert for utbetaling av tilskott etter den fyrste kontrollrunden i 2016. Tala vil kunne stige noko etter at den andre kontrollrunden er ferdig seinare i haust (i 2015 steig det samla talet på tilskottsteljande medlemer med nær 9 000 etter den andre kontrollrunden).

Meir enn 780 trus- og livssynssamfunn har kravd tilskot i 2016. Ifølge dei foreløpige tala frå Brønnøysundregistra har samfunna samla sett 614 317 statleg tilskottsteljande medlemer. Av desse er 184 327, eller 30 %, utan norsk statsborgarskap.

Samfunna har totalt 603 169 kommunalt tilskottsteljande medlemer. Av desse er 184 189, eller 30,5 %, utan norsk statsborgarskap.

I 2016 er satsen for utrekning av statstilskott til trus- og livssynssamfunna 472 kroner per medlem. 184 327 medlemer utan norsk statsborgarskap kan dermed gje ei samla utbetaling av statstilskott på 87 millionar kroner i 2016.

Samfunn som får statstilskott, skal i tillegg få kommunale tilskott. Kvar kommune fastset sin eigen tilskottssats, og Kulturdepartementet har ikkje oversikt over desse. Generelt sett vil summen av kommunale tilskott til eit trus- eller livssynssamfunn være omtrent like stor som, eller litt større, enn statstilskottet til samfunnet.

Vedlagt følgjer ei oversikt som viser kor mange tilskottsteljande medlemer utan norsk statsborgarskap dei respektive trus- og livssynssamfunna har. Dei nær 380 samfunna som har færre enn 10 tilskottsteljande medlemer utan norsk statsborgarskap, er av personvernomsyn utelatne frå oversikta.

Brønnøysundregistra kan ikkje gje tal på medlemer utan norsk statsborgarskap fordelt på religion eller livssyn. Men vedlegget viser at dei seks samfunna med flest tilskottsteljande medlemer utan norsk statsborgarskap, er kristne trussamfunn. Dei seks trussamfunna har til saman 121 180 av dei 184 327 statleg tilskottsteljande medlemene utan norsk statsborgarskap.



Vedlegg til svar:

Lenke til svar med vedlegg i pdf-format