Sveinung Rotevatn (V): Når tar statsråden sikte på å få på plass ei ny heilskapleg sentral godkjenning for byggenæringen, som vil gjere det lettare for forbrukarane å velje seriøse byggeaktørar?
Begrunnelse
Norsk byggenæring er trua av aktørar som bryt krav på eit godt og trygt arbeidsmiljø. Ei undersøking utførd av Skatteetaten i januar 2011 viste at heile 20 pst. av alle nordmenn innrømme å ha kjøpt svarte teneste. Blant dei er byggetenestar overrepresentert. I 2015 kunngjorde statsråden at ei ny sentral godkjenningsordning vil bli innført i 2016, og statsråden ble sitert i Aftenposten på at «Vi vinner ikke kampen mot svart arbeid uten å ha forbrukerne med oss. Myndigheter, bransjen og forbrukere må stå sammen». Underteiknande støtta statsrådens intensjon om å betre transparensen i byggenæringa, men registrerar at det i dag enno ikkje finnes ei heilskapleg sentral godkjenningsordning som gjer det mogeleg for brukarane å sjekke handverkarar i samtid. Med tilstrekkeleg finansiering finnast det smarte teknologiske løysningar som gjer det mulig for forbrukarane å velje seriøse aktørar. Som det blei understreka i regjeringas eiga rapport «Enkel å være seriøs» (Innst. 359L 2014/2015) er dei fleste forbrukarane interessert i å få oppdrag utført av truverdege aktørar. Diverre gjer vanskeleg tilgjengeleg informasjon det utfordrande å velje seriøse firma. Ved å ta leiinga med sikte på eit sentralt godkjenningssystem, som kan utgjere innhaldet i ein varsla handverkarportal, kan statsråden slå eit viktig slag for den norske byggenæringa og forbrukaren. Kvar dag utan ei slik ordning tapar begge grupper til føremon for den svarte økonomien.
Underteiknande ber difor statsråden å snarast mogeleg lansera ei heilskapleg sentral godkjenningsordning som også gjer det enklare for forbrukaren å velje seriøse byggeaktørar.