Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1532 (2015-2016)
Innlevert: 02.09.2016
Sendt: 02.09.2016
Besvart: 05.09.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Når vil statsråden leggja fram eit nytt lovforslag som sikra pårørande av alvorleg sjuke born ei utvida og betre pleiepengeordning?

Begrunnelse

Fleire pårørande med tunge omsorgsoppgåver har svært sjuke og pleietrengande born som har venta i fleire år på ei ny og betre pleiepengeordning. Hausten 2015 ble eit lovforslag om ei ny pleiepengeordning sendt på høyring. Som fleire høyringssvar påpeikte, ville forslaget føre til uheldige innstrammingar for fleire sårbare gruppe. Underteiknande er difor glad for at statsråden på bakgrunn av høyringssvara no føretar ei ny vurdering. Det er forventa at ny pleiepengeordning vil gje reelle forbetringar og tryggleik for denne gruppa, slik Kaasa-utvalet føreslår i NOU 2011:17 «Når sant skal sies om pårørendeomsorg». For dei pårørande som står overfør store utmaningar med dagens praktisering av folketrygdlovens kapittel 9 er det ei hastesak å få på plass ein ny og betre ordning, slik det vart lova i Sundvollenerklæringa. Det er stor risiko for at foreldre som får gjentatt avslag på pleiepengar sjølv blir sjukemeldt grunna store påkjenningar som følje av tung omsorgsbelasting. I 2014 kosta pleiepengar 488 milliardar kroner, ei nedgang på 2,5 pst. frå førre år, mens sjukepengar for vaksne utgjorde 32,3 milliardar kroner. Forholdstalet anslåast å vera på rundt det same nivået i dag. Det inneber at pleiepengar i dag anslagsvis utgjer mellom 1-2 prosent av norske trygdeordningar. Det er von at ei langt betre og utvida pleiepengeordning er ei god samfunnsøkonomisk investering, i tillegg til at den aukar livskvaliteten for alvorleg sjuke born og deira foreldre. Dei reelle offentlege utgiftene vil difor ikkje auke som eit resultat av ei god og raus ordning.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Regjeringa sendte på høyring forslag til endringar i reglane for pleiepengar hausten 2015. Det kom inn mange høyringssvar. Mitt departement arbeider no med oppfølging av saka. Jamfør òg mitt svar til stortingsrepresentant Kirsti Bergstø på hennar skriftlege spørsmål nr. 1251 av 16. juni 2016.
Regjeringa tek sikte på å følgje opp saka så snart som mogleg, og eg vil gjere greie for dette i statsbudsjettet for 2017.