Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1537 (2015-2016)
Innlevert: 02.09.2016
Sendt: 02.09.2016
Besvart: 09.09.2016 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje er innbetalt i flypassasjeravgift (flyseteavgift) til no og korleis fordeler dette seg på ulike selskap?

Begrunnelse

Det er kome signal om at systemet kring flypassasjeravgifta er lite kjent i bransjen. Det er ei stor mengd selskap som flyg i og frå Noreg og for å sikre likeverdig konkurranse er det viktig at ein har eit effektivt system for innkrevjinga. Mykje kan tyde på at så ikkje er tilfelle no og at ein dermed ikkje har konkurranse på like vilkår.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Det er rapportert inn og fastsett 290,2 mill. kroner i flypassasjeravgift per 5. september 2016. Dette fordeler seg med 162,5 mill. kroner for termin 6 (juni) og 127,7 mill. kroner for termin 7 (juli). Det er forventa at avgifta for termin 6 vil auke med om lag 1,5 mill. kroner og for termin 7 med om lag 20 mill. kroner. Dette som følgje av at nokre verksemder har vært seine med å rapportere, samt at enkelte oppgåver er tatt ut til kontroll. Samla er innbetalingane for dei to terminane om lag i tråd med det som er forventa.
Per 5. september var det 43 registrerte avgiftspliktige. Enkelte av desse registrerte avgiftspliktige er representant for (ei eller fleire) utanlandsk(e) verksemd(er) som utfører flygingar frå norsk lufthamn.
Flypassasjeravgifta er som alle andre særavgifter ei deklareringsavgift, dvs. at dei avgiftspliktige sjølve og uoppmoda skal berekne og betale rett avgift. Ved den fyrste fristen for rapportering blei Skatteetaten kontakta av flyselskap som ønskte avklaringar om regelverket og svar på praktiske spørsmål ved rapporteringa. Det var ikkje fleire spørsmål enn det som kan forventast med ei ny avgift. Skatteetaten er i ferd med å kontakte flyselskap som ikkje er registrert.

Korrigert svar 14. september 2016:

Eg viser til spørsmål nr. 1537 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad og mitt svar 9. september. I mitt svar skrev eg følgjande:

«Per 5. september var det 43 registrerte avgiftspliktige.»

I ettertid er eg gjort merksam på at dei 43 registreringane berre representerer 22 ulike registrerte avgiftspliktige verksemder. Av desse verksemdene er alle, unnateke ein, registrert for både innanlandsflyging og flyging til utanlandske lufthamner, som gjer 43 avgiftstilknytingar. I mitt svar av 9. september blei talet på avgiftspliktige forveksla med talet på avgiftstilknytingar. Den rette formuleringa ville ha vore:

«Per 5. september var det 43 registrerte avgiftstilknytingar. Desse representerer 22 ulike registrerte avgiftspliktige verksemder.»