Ingrid Heggø (A): Det er bestemet at politiets fellesteneste skal plasserast i Kristiansund og ikkje i Drammen slik opprinnleg foreslått. Dette er positivt utifrå distriktsmessige omsyn, men negativt i forhold til Flora og Sogn og Fjordane som ikkje får noko form for kompensasjon for bortfall av politidistriktet.
Kan ministeren nå gje ei klar melding om at også Sogn og Fjordane bør ha kompensasjon for bortfall av arbeidsplasser, og kan ministeren gje klarsignal for oppstart av nettvevd samlokalisering 110 sentralen i distrikt vest?
Begrunnelse
Politidistriktet i Sogn og Fjordane er nedlagt og flytta saman med Hordaland politidistrikt.
Stortinget sitt vedtak i politireforma gjev retning for endring av naudmeldetenester med mål om samlokalisering saman med politiet sin operasjonssentral. I gjennomføringa av reforma ynskjer vi å medverke til godt resultat. Kommunane i Sogn og fjordane, Helse Førde, Fylkeskommunen og Alarmsentralen og stortingsbenken har komme med innspel til korleis samlokaliseringen av naudmeldetenestene kan gjennomførast. Vi ønskjer eit pilotprosjekt for samlokalisering virtuelt (nettvevd) med politiet sin operasjonssentral og brannmeldetenestene (110-sentralen) i Hordaland. Dette er presentert til ministeren, og er ikkje nokon omkamp om politidistriktet. Sentrale tema i pilotprosjektet er samvirkeeffektar, kostnader, sårbarheit, kapasitet vidareutvikle lokalkunnskap og kompetanse i staden for å bygge ned, organisasjonsutvikling og organisasjonskultur, der ein undersøker tiltak for å fremje samhandling på tvers av etatar og fysisk lokalitetar og å prøve ut tilgjengeleg teknologi. Som ministeren veit er det er ein samla stortingsbenk som står bak å få på plass eit slikt pilotsystem og så vidt eg veit eit samla politisk miljø i komiteen og på stortinget som støttar dette.
Når nå Møre og Romsdal har fått kompensasjon i form av nye statlege arbeidsplassar, for at dei to politidistrikta som var i fylket er slått saman til eit, vil eg påstå at det minste vi i Sogn og Fjordane bør få på plass er eit prøveprosjekt som nemnt ovanfor. Prøveprosjektet vil ha stor overføringsverdi for andre fylker/regioner og vere med på a bidra til at vi beheld kompetanse og arbeidsplassar i fylket vårt. Det bør sjølvsagt også vurdere å flytte andre statlege arbeidsplassar til fylket.