Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1544 (2015-2016)
Innlevert: 02.09.2016
Sendt: 05.09.2016
Besvart: 13.09.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor mykje kostar det Noreg å tilby gratis utdanning til ikkje-EØS-borgarar?

Begrunnelse

Ein studieplass kostar i gjennomsnitt 186 000 kroner i året (Nifu/Deloitte, 2015). Ifylgje statistikkbanken til NSD var det i vår 23 168 utanlandske studentar i Noreg. Ein stor del av desse kjem frå ikkje-EØS-land. I tillegg til kostnaden ved studieplassen får Noreg utgifter i form av subsidiering av studentbustader, kollektivtransport, støtte frå Lånekassen (etter tre år), helseutgifter og anna. Det er såleis grunn til å tru at kostnaden ved å tilby gratis utdaning til ikkje-EØS-borgarar kan vera svært stor. Det er i ålmenn interesse å få eit estimat på denne kostnaden.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Spørsmålet som representanten Navarsete her tek opp er svært komplekst og ikkje mogleg å svare heilt presist på. Eg vil i svaret forsøke å gi nokre vurderingar knytte til studieplassar, studiefinansiering og studentvelferd. Andre kostnader som t.d. kollektivtrafikk og helseutgifter knytt til studentar frå land utanfor EU/EØS, ligg under ansvarsområda til andre departement. Samla sett vil det derfor krevje ei eiga utgreiing for å kunne vise det totale kostnadsbildet.
I spørsmålet viser representanten til rapporten Hva koster en student? frå NIFU og Deloitte som Kunnskapsdepartementet fekk utarbeida i 2014. Formålet var å gjennomføre ein analyse av korleis kostnadene ved universitet og høgskular fordeler seg på ulike delar av kjerneverksemda, for så å analysere forskjellar i kostnadsnivå mellom institusjonar og ulike studium. Analysen viser at kostnadene ved eit studium varierer mellom institusjonane og i første rekke avheng av kva institusjonstype studiet blir gitt ved og dei ressursane institusjonen kanaliserer til det enkelte studium. Analysen gir ikkje ei prisliste over kva ulike studium kostar og tek ei rekke atterhald om kostnadsbildet.
I 2015 var det registrert 25 685 utanlandske studentar ved norske universitet og høgskular. Av desse kom 11 774 frå land utanfor EU/EØS og 1 068 studentar som spesifikt var knytte til støtteordninga for studentar frå land på Vest-Balkan, i Øst-Europa og Sentral-Asia (kvoteordninga). Som representanten Navarsete er kjend med, skal denne ordninga fasast ut og erstattast med andre ordningar.
Når Kunnskapsdepartementet finansierer nye studieplassar, brukar det eit system der utdanningstilbod er plasserte i seks kategoriar. Desse spenner frå kategori A med 373 000 kroner til kategori F med 97 000 kroner, og dei er baserte på grove gjennomsnittsvurderingar for ulike type studium i sektoren. I kategori A ligg kliniske utdanningar som medisin, odontologi, veterinærutdanning m.fl., medan kategori F femner om teorifag og sosialfaglege utdanningar på lågare nivå. Dei andre utdanningane er plasserte i dei mellomliggande kategoriane. Dersom vi legg til grunn at Kunnskapsdepartementet tildeler studieplassmidlar for i underkant av 13 000 utanlandske studentar i kategori D, inneber det ein årleg kostnad på om lag 1,8 milliardar kroner. Legg vi til grunn kategori C, gir det en kostnad på om lag 2,4 milliardar kroner. Eg minner samstundes om at når ein finansierer studieplassar inkluderer dette kostnader til forskingstid for dei tilsette samt drift, husleige o.a. for institusjonane.
Personar frå land utanfor EU/EØS-området som studerer i Norge har ikkje rett til utdanningsstøtte med mindre dei har ei viss grad av tilknyting til Noreg. Statens lånekasse for utdanning ga i 2015-16 støtte til i alt 3 613 studentar i høgre utdanning som er borgarar i land utanfor EU/EØS. 2 163 av desse har fått støtte fordi dei har opphald i Norge på grunnlag av beskyttelse, på grunn av sterke menneskelige omsyn, ekteskap eller sambuarskap med norsk borgar, eller fordi dei har fått opphald på grunn av familieinnvandring. Kostnaden ved støtte til dei 3 613 studentane var 162,7 millionar kroner til ulike stipend og rentestøtte samt ettergitte lån til kvotestudentar. Lånekassa utbetalte i tillegg 201,6 millionar kroner i lån.
1 068 av dei 3 613 studentane fekk støtte gjennom kvoteordninga. Utgiftene til kvotestudentane var i 2015-16 på 78 millionar kroner til ulike stipend, rentestøtte samt ettergitte lån. Lånekassa utbetalte i tillegg 104,5 millionar kroner som lån. Nokre studentar med statsborgarskap frå land utanfor EU/EØS fekk støtte på grunnlag av tre års sjølvfinansiert utdanning i Noreg. I 2015-16 var dette 382 studentar. Utgiftene til desse studentane var 11,7 millionar kroner til stipend og rentestøtte. Lånekassa utbetalte i tillegg 34 millionar kroner som lån. Utgiftene til rentestøtte er usikre anslag baserte på estimerte tal.
I statsbudsjettet for 2016, Prop. 1 S (2015-2016) for Kunnskapsdepartementet og Innst. 12 S (2015-2016), vart det satt av om lag 800 millionar kroner til studentvelferd. Av desse var om lag 717 millionar kroner knytte til oppføring av studentbustader, kjøp og ombygging av eksisterande bygningsmasse samt rehabilitering av eksisterande studentbustader. Det er vanleg at studentsamskipnadene prioriterer internasjonale studentar i fordelinga av studentbustader. Dei resterende midlane knyter seg til finansiering av anna studentvelferd som også internasjonale studentar vil kunne ha nytte av i sin studiekvardag.