Ingrid Heggø (A): Fjaler kristne skule starta opp med kun to elevar.
Meinar statsråden at ein skule med kun to elevar kan tilby faglig god nok kvalitet eller ser statsråden behov for ei minimumsgrense forantal elevar ved oppretting av nye privatskular?
Begrunnelse
I november i fjor fekk Fjaler Kristne Skule AS godkjenning frå Utdanningsdirektoratet for å starte kristen privatskule. Oppstartinga vart utsett, då skulen i august berre hadde ein elev som ville byrje der. I førre veke fekk skulen ein elev til, og skulen har no starta drift og undervisning med to elevar.
Elevar lærer både av lærarane og av medelevar, og på ein så liten skule vil både dei formelle og uformelle lærekreftene vera avgrensa. Få lærarar skal ta seg av mange fag, og lærarane har få kollegaer å utvikle undervisinga saman med.
Elevane på si side har få medelevar å lære av. Sjølv om Fjaler Kristne Skule skal lokaliserast saman med Dale videregående skule, vil elevane sitt sosiale miljø vera mykje meir avgrensa enn det som er normalt i norsk skule. Dette kan påverke elevane sin trivsel, men og utviklinga av deira samarbeidsevner, ein ferdighet som er viktig for å lukkas vidare i livet. Vil også påpeike at ei nedre grense på 6 elevar er framtrekt i debatten kring samanslåing/nedlegging av offentlige skular. Og så vidt eg veit er det sett ei grense på 15 elevar ved skulen i løpet av tre år, men det er liten grunn til å tru at tilbodet i Fjaler plutselig skal bli svært populært, og at elevtalet vert mangedobla.
Eg vil også påpeike det samfunsøkonomiske ved ein skule med to elevar, i tillegg til sosial og faglig god nok kvalitet.
Arbeiderpartiet meiner at alle barn, uavhengig av bakgrunn, skal sikrast lik rett til god utdanning og er difor mostandar av endringa av privatskulelova. Regjeringa har opna for fleire privatskuler, og utan eit nedre krav til elevtal vil retten til god utdanning for alle kunne verte ytterligare svekka, og det er ingen tent med. Aller minst elevane.