Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1610 (2015-2016)
Innlevert: 16.09.2016
Sendt: 19.09.2016
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 23.09.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Ørsta kommune har opplevd fleire kraftige og øydeleggjande flaumar, seinast i Barstadvika i august.
Korleis ser statsrådet på det systemet vi har for å handtere slike situasjonar og hjelpe dei berørte grunneigarane økonomisk, og vil den nye ordninga frå 2017 i praksis gjera sakene vanskelegare og dyrare for dei som blir råka av naturskade?

Begrunnelse

Frå tid til anna oppstår øydeleggjande flaumar. Storsamfunnet - i form av offentlege ordningar - tek i større eller mindre grad økonomisk eller praktisk ansvar for at enkeltmenneske ikkje skal li når naturkreftene herjar med eigedommane deira. Eit nyleg døme på ein øydeleggjande flaum har vi i Ørsta kommune, i Barstadvika. Der steig elva veldig på kort tid og øydela mykje både av dyrka mark og nokre vegstykke og bruer.
Etter storflaumen på Austlandet i 1995 vart det gjort eit vedtak i Stortinget om at NVE skulle prioritere tettbygde strøk på grunn av avgrensa budsjettmidlar, dette etter ei kost-/nyttevurdering. Før dette vedtaket var det ved skade på elveforbygging mogleg å melde frå til NVE, og slik underteikna har forstått det kom så NVE til staden og utbedra skaden forhaldsvis kort tid etterpå. Dette har vorte gjengitt som ei god ordning for grunneigarane og ei ordning som sikra at elveforbygginga raskt vart gjenoppretta og om mogleg forbetra.
Etter den nye ordninga vart det slik at skadeerstatning skulle søkjast frå Naturskadefondet. NVE kjem berre inn i bildet om det er direkte fare for busetnad, og kost/nytte er eit sentralt omgrep her.
Den nylege flaumen i Ørsta er nemnt. Frå same kommune har vi også eit døme frå 2013, då det oppstod naturskade i Bondalselva. Det som framstår som merkeleg med denne prosessen – og sjølvsagt svært fortvilande for grunneigarane – var at Naturskadefondet anka lensmannens skadetakst og at grunneigarane (ved Bondalen elveeigarlag) som melde skadane plutseleg vart ein saksøkt part i rettssystemet. Dei fekk medhald i Tingretten. Skaden i Bondalselva 2013 vart vurdert av NVE til at det var fare for busetnad og at hastetiltak skulle setjast i gang. Dette hastetiltaket tok 2 år før det vart gjennomført. I denne ventetida kunne det ha oppstått ekstremvêr og ny flaum, og skadane på elveforbygginga kunne ha vorte vesentleg større.
Frå 2017 med ny naturskadelov er det regelendring for å søke erstatning på slike naturskadar. Om underteikna forstår dette rett skal ikkje naturskade lenger meldast til lensmannen. No må kvar enkelt grunneigar sjølv sørgje for takst på skade. Det skal dokumenterast korleis det såg ut før og etter skade, og det er grunn til å tru at det er meininga at grunneigar også skal dekkje kostnadane for å få tatt skadetakst. Seier Naturskadefondet nei til erstatning får grunneigaren sitje igjen med takseringskostnadene. Eit relevant spørsmål her er kven som skal taksere skadane på elveforbyggingar. Har lokale takstmenn grunnlag for å vurdere skadeomfang og kostnad?
Det er verdt å sjå nærare på korleis ordninga som skal innførast frå 2017 vil fungere i praksis. Målet må vera at det blir verken meir upraktisk å gjennomføre prosessane eller vanskelegare å få erstatning enn tidlegare for grunneigarar med naturskade. Helst bør nye ordningar innebera reelle framsteg og gjera prosessane enklare, billigare og raskare.
Det er varsla at klimaendringane vil medføre fleire og større naturskadar. Såleis er det avgjerande at vi har eit system som på best mogleg måte sørgjer for å handtere skader når dei oppstår, og som gjer best beredskap og førebygging mot skader. NVE har erfaring med å vurdere og utbetre skadar på elveforbyggingar, og underteikna vil gjerne høyre statsrådens syn på kven som best kan handtere ansvaret for det som gjeld elveforbyggingar framover.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Den statlege erstatningsordninga for naturskadar er regulert gjennom naturskadelova. Ordninga vart lovfesta allereie i 1961. Hovudformålet med ordninga er å bidra til at skaden vert retta opp slik at skadelidne er i stand til å fortsette si verksemd. Lova inneheld føresetnadar for å verte tilkjent erstatning. For det fyrste må skaden vera forårsaka av ei naturulukke. For det andre må skaden direkte skuldast naturulukka. I tillegg er det ein føresetnad om at det ikkje er mogleg å forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikring.
Gjeldande ordning inneber eit tospora system ved at skaden som hovudregel fyrst skal takserast gjennom eit såkalla lensmannsskjøn, kor skjønet kan klagast på til overskjøn ved tingretten. Når rettskraftig skjøn føreligg, vert saka send til handsaming til Styret for statens naturskadefond kor sjølve erstatningsvedtaket vert fastsett. Erstatningsvedtaket kan klagast på til Ankenemnda for statens naturskadefond. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondsstyret og Ankenemnda. I perioden 2004–2013 vart om lag 1 350 skadesaker handsama årleg med ei gjennomsnittleg samla utbetaling årleg på i overkant av 100 mill. kroner.
Fram til 2009 hadde ordninga også ei løyving som kunne brukast til sikringstiltak mot naturskadar. Denne løyvinga, og sjølve ansvaret for sikringsarbeidet, vart overført til Olje- og energidepartementet ved Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med verknad frå 2009. NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging bl.a. av flaumskadar.
Ny lov om naturskadeerstatning vart vedteken av Stortinget i juni 2014, og vil tre i kraft 1. januar 2017. Frå same dato vil også ei ny forskrift til lova tre i kraft.
Dei nye reglane gjeld erstatning, og vil ikkje innebere endringar når det gjeld ansvaret for sikring mot naturskade.
Dei nye reglane vidarefører mykje av innhaldet i gjeldande reglar, men inneber forenkling og effektivisering samanlikna med dagens ordning. Dette vil gje raskare utbetaling til dei skadelidne. Dagens tospora modell vert erstatta av ein rein forvaltningsmodell med Landbruksdirektoratet som ansvarleg forvaltningsorgan. Landbruksdirektoratet vil på bakgrunn av dokumentasjon frå skadelidne ta stilling til skadens omfang og fastsete erstatninga i eit og same vedtak. Vedtaket kan klagast på til Klagenemnda for naturskadesaker.
Dei nye reglane vil opne for at ein større del av skadane kan dokumenterast av skadelidte gjennom eiga oppgåve, anbod eller takst som viser skadeomfanget og utgiftene for retting av skaden. Krava til skadelidne om dokumentasjon aukar dess større skade det er tale om. Landbruksdirektoratet kan også hente inn og sjølv betale takst i dei tilfella kor utgiftene for å rette opp skaden reknast å vere over 500 000 kroner, og elles når direktoratet meiner det er nødvendig for å opplyse saka tilstrekkeleg. Den nye ordninga vil også gjere det enklare å setje inn ekstra ressursar ved store naturskadehendingar. Ordninga vil vidare bidra til lik handsaming og auka rettstryggleik for den enkelte skadelidne. I tillegg er det utvikla ei ny IKT-løysing og nytt rettleiingsmateriale som vil bidra til ei raskare og enklare sakshandsaminga både for Landbruksdirektoratet og for dei som søkjer om erstatning.