Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gjere greie for møtepraksisen mellom dei fire regionale helseføretaka, og stadfeste eller ikkje stadfeste om det stemmer at det vert gjennomført formelle møter på RHF- nivå som ikkje praktiserer offentlegheit med omsyn til sakslister og referat?
Begrunnelse
Av tilsette i spesialisthelsetenesta er spørsmålsstillar gjort merksam på at dei fire regionale helseføretaka har "samarbeidsmøter" , men at tilsette og tillitsvalde ikkje får vite kva som vert diskutert på desse lukka møta. Ikkje er det offentleg kva sakslistene er, kva som vert gjort av eventuelle "avgjerder", og det er heller ikkje referat.
Tilsette fryktar at ein del helse-avgjerder i realiteten vert fatta på desse møta, og meiner det er oppsiktsvekkjande at ikkje eingong saksliste er offentleg, eller at det vert skrive referat.