Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1639 (2015-2016)
Innlevert: 22.09.2016
Sendt: 23.09.2016
Besvart: 30.09.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Stemmer det at Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) i juni fekk lovnad om at det ikkje var aktuelt å fusjonera SISOF med Studentsamskipnaden i Bergen utan at partane var samde om ei fusjonsavtale?

Begrunnelse

Høgskulefusjonen på Vestlandet vart vedteken av dei tre høgskulestyra 9. juni. I tida før fusjonsvedtaka var det sterk uro i SISOF og styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane om framtida for SISOF etter ein fusjon med Studentsamskipnaden i Bergen (SIB). Uroa botna i at makt, innverknad og ressursar ville bli flytt vekk frå Sogndal og Førde når SISOF med 3800 studentar fusjonerte med SIB med 30 000 studentar. SISOF har eit høgt nivå på velferdstenestene og har skjøtta økonomien sin godt. SIB kom ikkje krava frå SISOF i møte, og departementet heldt krisemøte med representantar for SISOF og HiSF tre dagar før fusjonen for å unngå at høgskulefusjonen skulle spora av, som statssekretær Bjørn Haugstad formulerte det til NRK.

På møtet i høgskulestyret i HiSF 9. juni orienterte rektor og styreleiar om resultatet frå krisemøtet, og rektor sa fylgjande: «Det kjem ikkje til å bli gjort ein fusjon mellom samskipnadene før det ligg føre ein avtale som også SISOF kan godta.» Alternativet til friviljug fusjon var altså at SISOF heldt fram som sjølvstendig samskipnad.

Tidleg i september var det klart at SISOF og SIB ikkje kom fram til ein avtale som båe partar kunne godta. Likevel avgjorde Kunnskapsdepartementet 19. september at SISOF skulle fusjonerast med samskipnadene i Bergen og Stord/Haugesund. Dette er klart i strid med lovnadene som vart refererte i høgskulestyret for HiSF 9. juni.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Det følgjer av studentsamskipnadsloven at Kunnskapsdepartementet avgjer om studentsamskipnadar skal slåast saman. I Meld. St. 18 (2014 – 2015) Konsentrasjon for kvalitet har regjeringa som utgangspunkt at samanslåing av studentsamskipnadar bør følgje samanslåing av universitet og høgskular. Stortinget har ikkje hatt innvendingar til dette, jf. Innst. 348 S (2014 – 2015).

Departementet hadde 8. juni 2016 eit møte med dei aktuelle utdanningsinstitusjonane og studentsamskipnadane på Vestlandet. Frå møtet blei det utarbeidd eit referat med føringar for vidare dialog og prosess i saka. I møtet blei det formidla at departementet ønskte at studentsamskipnadane sjølve blei samde om korleis ei samanslåing kunne gjennomførast, men at departementet var førebudd på å ta ei meir aktiv rolle for å sikre gode løysningar dersom situasjonen krev det. Departementet har ikkje gitt nokre av dei tre aktuelle studentsamskipnadane lovnad eller vetorett mot ei samanslåing dersom dei ikkje sjølve blei samde om ei fusjonsavtale.

Departementet har hatt ein åpen dialog med studentsamskipnadane. Etter ønske frå studentsamskipnadane har det òg blitt leigd inn ein prosessleiar for å greie ut prosessen saman med studentsamskipnadane. I starten av september hadde departementet eit møte med studentsamskipnadane og prosessleiaren. Dei tre studentsamskipnadane hadde då ikkje klart å kome til semje om korleis studentvelferda for den nye høgskulen best kunne organiserast.

Departementet oppfatta at både studentsamskipnadane og leiinga ved dei tre høgskulane ønskte at departementet skulle ta ei avgjerd i saka.

Ved etablering av Høgskulen på Vestlandet er det lagt til grunn at institusjonen skal ha som ambisjon å vidareutvikle studiestadene slik at den regionale rolla blir teken vare på enda betre enn i dag. Høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund har som mål at Høgskulen på Vestlandet skal tilby attraktive og godt fungerande studiestader. Eg har derfor som ein klar føresetnad at samanslåinga av studentsamskipnadane ikkje svekkjer studentvelferda på nokre av studiestadene.