Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1653 (2015-2016)
Innlevert: 26.09.2016
Sendt: 26.09.2016
Besvart: 29.09.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kva for nokre krav og rutinar er det regjeringa manglar for at forhandlingane om ei ny bymiljøavtale for Bergen kan starte opp?

Begrunnelse

I Bergen ventar de langt på overtid på å starte opp forhandlingane med staten om ei ny bymiljøavtale. I over eit år har det vore kontaktmøter mellom embetsverket og lokale representantar utan at eit forhandlingsmandat er gitt. I Bergens Tidende 26.september seier statsråden at regjeringa manglar krav og retningslinjar.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Under dagens regjering er satsinga på kollektivtiltak i byane kraftig auka. Årlege bevillingar i den såkalla "Belønningsordninga for kollektivtrafikk" er langt høgare enn førespegla i Nasjonal Transportplan. Eg prioriterer samstundes arbeidet med å inngå bymiljøavtalar med dei fire største byområda høgt. Den første bymiljøavtalen blei inngått mellom Samferdselsdepartementet, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune i september i år. Staten ved Statens vegvesen forhandlar også om ein avtale med Oslo kommune og Akershus fylkeskommune.

Statleg investeringstilskot til store fylkeskommunale kollektivprosjekt i dei fire største byområda er eitt av hovudelementa i bymiljøavtalane. I Bergen er Bybanen til Fyllingsdalen eit slikt prosjekt. Fylkeskommunane har ansvaret for planlegging, finansiering og utbygging av prosjekta, men staten vil gjennom bymiljøavtalane dekke 50 pst. av prosjektkostnadene. Basert på utsegn frå dagens byråd i Bergen er dette nesten fire gonger høgare bidrag enn Bergen har mottatt tidlegare. Dette er altså ei vesentleg satsing frå staten si side for å bidra til betre framkomelegheit og kollektivløysningar i storbyområda.

Rammeverket for bymiljøavtalane stiller krav til at finansieringsbidraga frå partane må vere avklara før avtaleinngåing. Fylkeskommunane må derfor leggje fram ein finansieringsplan og fatte nødvendige vedtak for den delen av kostnadene ved kollektivprosjekta som ikkje blir dekt av staten. For Trondheim og Osloregionen ligg det føre bypakkar som beskrivar den lokale finansieringa. Tilsvarande er førebels ikkje på plass for Bybanen i Bergen. For Nord-Jæren har Regjeringa valt å vente med å fastsetje forhandlingsmandat for ein bymiljøavtale til etter at ein proposisjon om Bypakke Nord-Jæren er lagd fram for Stortinget.

Eg vil gjere mitt for å legge til rette for ein smidig prosess slik at ein bymiljøavtale for Bergen kan bli inngått så raskt som mogeleg. Det kan bli aktuelt å forhandle om ein avtale parallelt med at lokale styresmakter arbeider med å få på plass sitt finansieringsopplegg. Eg forventar at lokale myndigheiter visar vilje til å prioritera ei slik satsing. Uansett vil finansieringa av Bybanen vere eit berande element i bymiljøavtalen, og eg meiner det lokale arbeidet med mellom anna lokalt bidrag til finansiering av Bybanen må kome noko vidare før det ligg føre eit tilstrekkeleg grunnlag for å fastsetje forhandlingsmandat. Eg vil også oppmode lokale styresmakter til å arbeide vidare med planar og konkrete tiltak for korleis dei kan bidra til å nå nullvekstmålet for personbiltrafikk, mellom anna gjennom arealpolitikken, slik at vi har eit best mogleg utgangspunkt for forhandlingane.