Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1670 (2015-2016) Innlevert: 30.09.2016 Sendt: 30.09.2016 Besvart: 05.10.2016 av finansminister Siv Jensen
Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden garantere at ingen transfer- eller transittpassasjerar betalar den flypassasjeravgifta meir enn ei gong per reise?
Siv Jensen: Flypassasjeravgifta er som alle andre særavgifter ei deklareringsavgift, dvs. at dei avgiftspliktige (flyselskapa) sjølve og uoppmoda skal berekne og betale rett avgift . Som nemnt i svaret på tilsvarande spørsmål nr. 1176 må dermed dei avgiftspliktige dokumentere at vilkåra for fritak er oppfylte dersom dei vil nytte fritaket, dvs. at dei må berekne og betale avgift dersom dei ikkje kan dokumentere dette. Flyselskapa vel sjølve korleis dei vil dokumentere fritaket. Eg kan ikkje garantere på vegne av flyselskapa.