Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden ovanfor Utanriks- og forsvarskomiteen gjere greie for krava som vert stilt til Noreg i dokumentet NATO capability target 2017 – land (dokumentet kjent som NATO Blue Book)?
Begrunnelse
DN skreiv 18. mai i år at det i eit møte mellom NATO-landa 31. mars var gitt ei orientering om status i arbeidet med langtidsproposisjonen. Eit samla NATO reagerte då ifølgje DN på planar om kutt i Hæren og stans i moderniseringa av hærstyrkane. Meldinga frå NATO sitt planleggingsmøte var ifølgje DN tydeleg. NATO meinte det er viktig at Noreg opprettheld ein brigadestruktur.