Geir Pollestad (Sp): Var departementet klar over at Vegdirektoratet avlyste prekvalifisering til første entreprise på Rogfast og kva var årsaka til dette?
Begrunnelse
26. september 2016 vart prekvalifisering av fyrste entreprise for Rogfast avlyst.
Rogfast er handsama i stortinget både i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023 og i samband med godkjenning av førehandinnkreving av bompengar til prosjektet. Det ligg og midler til planlegging av Rogfast i årets statsbudsjett. Det er brei støtte til prosjektet på Stortinget.
Dette framstår som eit formalistisk inngrep i arbeidet med Rogfast. Vi veit mellom anna frå handsaminga av Ryfast at Framstegspartiet har ei formalistisk tilnærming til vegprosjekt. Hadde Frp sitt framlegg om Ryfast fått fleirtal då prosjektet vart vedteke i Stortinget hadde det truleg ikkje vore full anleggsaktivitet i Strand og kring Stavanger i dag.
Eg legg til grunn at det ikkje er noko regelverk som hindrar ei slik prekvalifisering, og at det hadde vore fullt mogleg å utlyse denne under føresetnad av Stortinget si seinare godkjenning av prosjektet.