Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:50 (2016-2017)
Innlevert: 11.10.2016
Sendt: 12.10.2016
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 21.10.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva risikovurderingar ligg til grunn for å gje ein slik dispensasjon frå kravet om bakgrunnssjekk og rulleblad frå arbeidarar frå tredjeland, og på kva måte er dispensasjonen heimla i norsk lov?

Begrunnelse

For å få ID-kort til lufthamn eller eit CCIC (ID-kort til besetningsmedlemmar tilsett i luftfartsselskap i Unionen) er det naudsynt med ei driftsrelatert årsak for ID-korta og godkjent bakgrunnssjekk. Dette følgjer av forordning (EU) 2015/1998 (tidlegare forordning (EU) nr. 185/2010) pkt. 1.2 .3.1 . Forordninga er gjennomført i norsk rett ved forskrift 1. mars 2011 nr. 214 om førebygging av anslag mot tryggleiken i luftfarten mv. (securityforskriften). Norske flyselskap nytter seg òg av kabinpersonale frå utanfor EØS-området. Luftfartstilsynet har gjeve dispensasjon til å utelate bakgrunnssjekk for tilsette frå desse landa. I praksis inneber dette til dømes at rutinane til Adecco Thailand, som mellom anna leiger ut kabinpersonale til flyselskapet Norwegian, er det einaste sikringsnettet mellom oss og menneske med farlege intensjonar frå å få tilgang til norske fly og tryggleikssoner på norske flyplassar.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Spørsmålet er overført til samferdselsministeren, fordi regelverket det blir vist til, er heimla i luftfartslova.
Det er viktig å ivareta tryggleiken på flyplassane. På flyplassane er det ulikt tryggleiksnivå på ulike område. Enkelte område er offentleg tilgjengelege utan tryggleikskontroll, til dømes områda utanfor inngangen til flyplassane og innsjekkingsområda. Vidare er det område som er offentlig tilgjengelige, men der ein må gå gjennom tryggleikskontrollen for å få tilgang. På tryggleiksavgrensa område (etter at ein har passert tryggleikskontrollen) må dei som arbeider på flyplassane, ha id-kort for å få tilgang. Men også innanfor tryggleiksavgrensa område er det ytterlegare inndeling av tryggleiksnivå. Dei som arbeidar på flyplassen får ikkje tilgang til eit større område enn det dei har behov for ut frå arbeidet dei skal gjere. Grovt sett kan vi dele dei som har tilgang til flyplassane, inn i fire kategoriar:

1) Dei som er tilsette på flyplassane, i norske flyselskap eller i andre norske bedrifter kor ein må ha tilgang til ulike område på flyplassane: Desse personane må ha godkjent bakgrunnssjekk frå Luftfartstilsynet for å få id-kort.
2) Besetningsmedlemer i flyselskap som høyrer heime i EØS-området: Desse personane får tilgang til dei same områda som passasjerane, samt til crew-rom og til flyet på grunnlag av CCIC (Union Crew Identification Card). Bakgrunnssjekken er gjennomført av styresmaktene i landet der flyselskapet høyrer heime, etter det same EØS-regelverk som i Noreg.
3) Besetningsmedlemer i flyselskap frå andre land (ikkje EØS): Desse personane får tilgang til dei same områda som passasjerane, samt til crew-rom og til flyet på grunnlag av crew-kort (CCIC) frå flyselskapet.
4) Besetningsmedlemer i norske flyselskap, som bur i eit land utanfor EØS-området: Desse personane får også tilgang til dei same områda som passasjerane, samt til crew-rom og flyet på grunnlag av CCIC (Union Crew Identification Card). Bakgrunnssjekken er gjennomført av Luftfartstilsynet på grunnlag av dokumentasjon som blir lagd fram, der politiattest ikkje inngår.

Felles for alle gruppene er at alle må gjennom tryggleikskontroll på norske flyplassar når dei kjem på arbeid, på same måte som alle passasjerar som skal ut og reise. Felles for alle besetningsmedlemer er at dei har tilgang til crew-rom og flyet. Dei har altså ikkje tilgang til øvrige områder av flyplassen med begrensa adgang.
Det er Luftfartstilsynet som gjennomfører bakgrunnssjekk av dei som får id-kort og CCIC til lufthamnene i Noreg (gruppe 1 og 4 over). Regelverket om bakgrunnssjekk er fastsett i "forskrift 1. mars 2011 nr. 214 om forebyggelse av anslag mot sikkerheten i luftfarten mv". Dispensasjonen det blir vist til i spørsmålet er også fastsett i denne forskrifta.
EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, ba i brev av 6. juli 2016 til Samferdselsdepartementet om informasjon om denne saka. I brev av 23. august 2016 til ESA gjorde Samferdselsdepartementet greie for regelverket og praktiseringa av dette. ESAs vurdering er at forskrifta som det er vist til over, ikkje er i tråd med EØS-regelverket. ESA har bedt om vår tilbakemelding innan 1. november. Vi ser no på alternative moglegheiter for å endre regelverket slik at det blir i samsvar med EØS-regelverket.