Liv Signe Navarsete (Sp): Ser statsråden at det kan vera mogleg med meir kostnadseffektiv kompetansebygging gjennom å bruka norske non-profit-organisasjonar, I så fall, kva er den konkrete planen for den vidare dialogen med dei frivillege organisasjonane?
Begrunnelse
9. august vart det klart at UD har inngått kontraktar med åtte forskings- og konsulentinstitusjonar for å styrkja UD sin faglege kompetanse på mellom anna sårbare stater. Dei siste dagane har VG avdekt at nokre få forskings- og konsulentmiljø har fått millionkontraktar, og gått med store økonomiske overskot, for å tilby kunnskap til UD. Samstundes veit me at fleire frivillege organisasjonar sit med unik områdekunnskap.
I artikkelen «Storinnkjøp av ny kunnskap om sårbare stater» rapporterer Bistandsaktuelt den 9. august at Utanriksdepartementet ber om innspel for å styrkja arbeidet med FNs utviklingsmål. Åtte forskingsinstitusjonar har fått rammeavtalar: Fafo Institutt for arbeidsliv- og velferdsforskning, International Law and Policy Institute (ILPI), Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), Scanteam og Institutt for fredsforsking (PRIO), Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA), Menon og CHR. Michelsens Institutt (CMI). Timeprisane ligg på mellom 1060 og 1480 kroner.
Afghanistan er ein av fleire sårbare statar der norske non-profit-organisasjonar er til stades og har høg kompetanse. Føremålet med spørsmålet er å få eit bilete av korleis statsråden tenkjer å leggja opp den framtidige dialogen med sivilsamfunnet i arbeidet med tusenårsmåla og Vegvalsmeldinga.