Ingrid Heggø (A): Vest politidistrikt har ei politidekning pr. 1 000 innbyggarar på under 1. Dette til tross for at dei har fått klar melding om å prioritere å få fram fleire politiårsverk framfor kompetanseheving og investeringar i materiell og utstyr. Dette er langt unna lovnaden frå Regjeringa, og det som vert kommunisert ut som "nesten i mål" vedrørande politibamanning. Det er tydeleg at omprioritering innan eige budsjett er umogelig.
Kva tiltak vil ministeren iverksetje for at Vest politidistrikt får ei bemanning på 2?
Begrunnelse
Sogn og Fjordane og Hordaland er samla i nytt politidiskrikt- vest politidistrikt. På "debatten" i NRK forrige veke opplyste programleiar om at polititettleiken på 2 pr. 1 000 innbyggarar nesten var oppfylt, finansminister Siv Jensen stadfesta og understreka at målet var nært foreståande. I rapporten som er utarbeid i samband med ny organisering i politidistrikt vest kan ein lesa følgjande under kapitlet om analyse av framlegget og alternativet :Region nord har ei politibemanning pr. 1 000 innbyggar på 1,07, region Bergen og Sotra, Askøy og Øygarden har ei politibemanning på 1,18,Region midt har ei politibemanning på 0,78 og region sør ei politibemanning på 0,94. Det står vidare at politidistriktet har betydelig ubalanse i budsjettet som følgje av krav om nettovekst i antall politiårsverk. Dei økonomiske rammene gjev ikkje rom for både vekst i årsverk og investeringar i naudsynt materiell. For å oppnå budsjettbalanse i 2016 vil det i svært begrensa grad bli gjennomført investeringar i materiell og kompetanse. Dette bidreg til å auka eit etterslep som allereie er stort i materiell- og kompetanseinvesteringar. Vidare vil bemanning ved fleire einheitar i heile eller delar av året bli redusert. Her stemmer ikkje kart og terreng. Kva politibemanninga var i desse to distrikta i 2013 vil også vera av stor interesse.