Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden syte før at dei nye faglige retningslinene for hjerneslag endrast slik at det blir sett som eit krav og mål at alle hjerneslagpasientar skal få vurdert synsfunksjon etter hjerneslag, og at ved nyoppstått reduskjon i visus, dobbeltsyn eller synsfeltutfall, så skal det alltid henvisast til augelege for vurdering?
Begrunnelse
I gjeldande nasjonale retningliner for behandling og rehabilitering ved hjerneslag står det at pasientar "bør" få sin synsfunksjon vurdert etter hjerneslag, og at det "bør" henvisas til augelege ved synsproblem/utfall , dobbeltsyn eller redusert visus. Spørsmålsstillar meiner at det her sjølvsagt burde vore ei absolutt faglig tilråding, slik at pasientar som får hjerneslag, "skal" bli undersøkt for synsfunksjon og "skal" bli vurdert hos augelege ved endringar i synsfunksjon. Heile 60 prosent av pasientar med hjerneslag, får påverknad på synsfunksjon.