Kjersti Toppe (Sp): Vil justis- og beredskapsministeren gjere greie for varslingsrutinane i politiet med utgangspunkt i varslingssaka i Bergen om forholda ved seksjon for organisert kriminalitet, vil justis - og beredskapsministeren spesielt komme med ei forklaring på kvifor spesialeininga i politiet ikkje blei varsla i denne saka men starta gransking fyrst etter å ha lese om den i media, og kan statsråden forklare kvifor politiet si interne handsaming av varslingsbrevet tok fleire månader?
Begrunnelse
Viser til oppslag i BT 14.november der det kom fram at dei som skal granske politiet etter sju månadar fekk vite om varslarsaka gjennom avisa.