Janne Sjelmo Nordås (Sp): Har statsråden merka seg desse forholda, og har statsråden vurdert om dette gjev grunnlag for å svekke utvalet sin habilitet, og i tilfelle kan statsråden gjere greie for dei vurderingane som er gjort?
Begrunnelse
Regjeringen oppnevnte den 4. mars i år eit offentleg utval som skal utgreiia korleis delingsøkonomien kan gje ein meir effektiv ressursbruk.
Det har etter utnemninga kome reaksjonar på at eit av utvalsmedlemene har ei leiande rolle i ei foreining der den ulovlege persontransporttenesta Uber er medlem. I tillegg har andre medlemmer uttalt seg positivt i det offentlege ordskiftet til Uber og andre ulovlege persontransporttenester.