Sveinung Rotevatn (V): Som følgje av Høgsterett si avgjersle i den såkalla Avlastar-2-dommen, blir det no langt vanskelegare for kommunane å få tak i avlastarar.
Vil statsråden vurdere å føreslå endringar i arbeidsmiljølova slik at det framleis kan vere tilstrekkjeleg rom for å tilsetje ein avlastar som oppdragstakar og ikkje arbeidstakar?
Begrunnelse
Høgsterett sa den 23. juni 2016 dom 1366A som avgrensa moglegheita for kommunane til å bruke oppdragstakarkontraktar. Fleirtalet kom til at avlastaren i den konkrete saka var å sjå som ein arbeidstakar. Avgjerda gjer det umogeleg for fleire kommunar å oppretthalde avlastingstilbodet slik det står i dag. I 2014 var det nasjonalt 7713 personer som nytta seg av avlastningstenester, og fleire av desse må no bu seg på meir krevjande dagar. Som eit døme på konsekvensane som no oppstår, viser eg til artikkelen «Linn er én av 50 kolleger som fikk beskjed fra kommunen om å si opp jobben», publisert i Budstikka 18. november d.å. 50 av dei 361 avlastarane i Bærum har til no fått avskjed. Grunngjevinga er at avlastargjerninga blir kombinert med anna kommunalt arbeid, som igjen gir ein for høg stillingsprosent. Dette er ei dramatisk endring, som ein venteleg også vil sjå andre stadar i landet. Fleire sårbare familiar vil som følgje av avgjerda risikere å stå utan avlastar og dette vil tvillaust vere ei belastning både for dei og for det norske helsevesenet.