Jenny Klinge (Sp): Har justisministeren planar om å ha møte også med dei små og mellomstore domstolane, og om ikkje, kvifor har han møte berre med dei tolv største domstolane?
Begrunnelse
Justisministeren var i møte med DA og dei tolv største domstolane 1. desember. Det er grunn til å tru at det kunne ha vore nyttig for justisministeren å ha møte også med representantar for dei små og mellomstore domstolane sidan kvardagen deira kan vera vesentleg annleis enn kvardagen i dei 12 største domstolane. Såleis kunne slike møte vera ei fin anledning for justisministeren til å få meir forståing av korleis situasjonen er i dei mindre domstolane, som tross alt utgjer fleirtalet av tingrettane i Noreg.