Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gripe inn og gjere det klart overfor Helse Sør Øst og Sykehuset Sørlandet at Arendal sykehus skal vere eit fullverdig akuttsjukehus, etter definisjonen stort akuttsjukehus i Nasjonal helse og sjukehusplan?
Begrunnelse
Viser til oppslag i Fedrelandsvennen tysdag 8. desember 2016. Der opnar sjukehusdirektør Jan- Roger Olsen opp for at eit langsiktig perspektiv kan skje endringar i funksjonsfordeling mellom Arendal og Kristiansand, også i akuttfunksjonar. Det betyr at det skal opnast opp for diskusjonar om akuttfunksjonar i Arendal.
Statsråd Høie har i stortinget tidlegare bekrefta at Arendal er å rekne som eit stort akuttsjukehus, som skal ha både kirurgisk og medisinsk akutt-tilbod. Men i følgje artikkelen i Fedrelandsvennen, har Helse Sør Øst ein annan tolking. I svar til direktøren ved Sælehuset Sørlandet har Helse Sør Øst svart at det ikkje er automatikk i at sjukehus med fleire enn 80 000 innbyggarar skal ha alle akuttfunksjonar. Etter at Helse Sør Øst gav dette svaret, har direktøren ved Sykehuset Sørlandet endra mandatet for arbeidsgruppa som jobbar med kirurgiprosjektet slik at det også vert opna for diskusjonar om akuttfunksjonar i Arendal. Dette skapar stor bekymring og uro i Arendals miljøet, og det er naudsynt at statsråden er tydeleg og klar på at dette ikkje er ei aktuell linje å følgje opp vidare i helseføretaket sine utviklingsplanar.