Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:397 (2016-2017)
Innlevert: 14.12.2016
Sendt: 14.12.2016
Besvart: 22.12.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kan samferdselsminister Solvik Olsen garantera at han vil leggja fram sak for Stortinget om igangsetjing av Sotrasambandet i så god tid at Stortinget kan ferdigbehandla saka, og at anleggsstart skjer før sommaren 2017?

Begrunnelse

Då statsbudsjettet for 2017 vart lagt fram kunne ein lesa i Vestnytt at statssekretær Tom Christer Nilsen kunne fortelja at regjeringa hadde løyvd 105 ekstra millioner til Sotrasambandet. I same avis sa statssekretær Nilsen ”Når vi nærmer oss sommeren skal folk kunne se at gravemaskinene er i gang”.

Før arbeidet kan starta, må sak om finansiering leggjast fram for Stortinget. Etter budsjettet vart lagt fram, er det skapt ein del usikkerhet om denne lovnaden til statssekretæren.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg viser til at det i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 er prioritert statlege midlar til rv 555 Sotrasambandet i første fireårsperiode (2014-2017). Prioriteringa er under føresetnad av at det blir tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet.

Sotrasambandet skal gjennomførast som eit OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid), jf. Prop. 1 S (2014-2015) og Meld. St. 25 (2014-2015). Før OPS-kontrakten kan inngåast, er det nødvendig å gjennomføre ein del førebuande arbeid, jf. budsjettproposisjonane for 2016 og 2017. Ei høgspentline som er den einaste elektrisitetsforsyninga til gassterminalen på Kollsnes i Øygarden, må flyttast. Høgspentlinja forsyner også m.a. oljeplattforma Martin Linge. Detaljprosjektering av løysinga for å flytte høgspentlina pågår. Det blir lagt opp til å lyse ut arbeida i andre kvartal 2017. Kontrakt om arkeologiske undersøkingar er inngått, og arbeidet vil bli gjennomført i 2017 og 2018. Grunnervervet for Sotrasambandet vil omfatte om lag 700 eigedomar. Av desse skal 27 bustadeigedommar løysast inn. Arbeidet med grunnerverv pågår.

Kostnadsoverslaget for Sotrasambandet har auka i forhold til det som blei lagt til grunn i Meld. St. 26 (2012-2013). Dei statlege midlane til prosjektet blir avklarte i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018-2029. Parallelt med Samferdselsdepartementet sitt arbeid med meldinga arbeider Statens vegvesen med det faglege grunnlaget for den endelege lokalpolitiske behandlinga av finansieringsopplegget for Sotrasambandet. Statens vegvesen tek sikte på å sende saksgrunnlaget til lokalpolitisk behandling i løpet av kort tid. Ei prinsippsak om delvis bompengefinansiering av prosjektet er behandla lokalpolitisk tidlegare.

Når den endelege lokalpolitiske behandlinga er fullført, kan den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet (KS2) startast opp. Samferdselsdepartementet vil leggje fram bompengeproposisjonen så snart nødvendige avklaringar ligg føre.