Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:399 (2016-2017)
Innlevert: 14.12.2016
Sendt: 15.12.2016
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 22.12.2016 av utenriksminister Børge Brende

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Dei fleste frå land utanfor EU/EØS må søke om eit besøksvisum. Attendemeldingane frå reiselivet er at behandlingstida for visumsøknader til Noreg, spesielt frå kinesiske reisande, vert opplevd som ein flaskehals.
Er ministeren bekvem med at behandlingstida er lengre enn i andre nordiske land?

Begrunnelse

Norsk reiseliv har dei siste åra opplevd ein sterk vekst frå utanlandske besøkande. Så langt i år (til og med september) er veksten i utanlandske overnattingar på 12 prosent. Internasjonalt aukar talet på reisande, og norske styresmakter må legge til rette for at Noreg tek ein størst mogleg del av denne veksten.

Dei fleste frå land utanfor EU/EØS må søke om eit besøksvisum. Attendemeldingane frå reiselivet er at behandlingstida for visumsøknader til Noreg, spesielt i tilknyting til reisande frå Kina, vert opplevd som ein flaskehals. Og behandlingstida i Noreg er lang samanlikna med andre land. Ein visumsøknad til Danmark tek i snitt frå fire til sju dagar å handsame, mens det i snitt tek tolv dagar i Noreg.

Behandlingstid for visumsøknader er noko som påverkar val av reisemål, og denne bør derfor vere så kort som råd. Kinesarane utgjer no 4 prosent av utanlandske overnattingar i Noreg, og talet er veksande. Dei er òg ei kjøpesterk gruppe turistar, og vi må til rette for at dei på enkelt vis kan kome seg hit. Trass i det spesielle utanrikspolitiske forholdet mellom Noreg og Kina, burde det ikkje vere nokon grunn til at behandlingstida skal vere så mykje lenger her enn i Danmark.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Alle norske utanriksstasjonar som tek imot og handsamar søknadar om Schengen-visum, er opptekne av å gjere sakshandsamingstida så kort som mogleg. Dette gjeld ikkje minst ambassaden i Beijing og generalkonsulata våre i Shanghai og Guangzhou, som er svært medvitne om kor viktig kinesisk turisme er for norsk næringsliv. Dei tre siste åra har sakshandsamingstidene vorte kraftig redusert og gjennomsnittleg sakshandsamingstid for turistgrupper som skal til Noreg frå Kina er no om lag to dagar i lågsesongen og fire dagar i høgsesongen. Det er ikkje slik at Noreg har lengre sakshandsamingstider enn dei andre nordiske landa i Kina.

Om lag 90 prosent av visumsøkjarane frå Beijing reiser i organiserte grupper. Søknadar frå individuelle reisande kan ta noko lengre tid om det er opplysningar som treng nærare sjekk, til dømes kva som er formålet med reisa.

Det har vore ei sterk auke i talet på turistar frå Kina til Noreg dei siste åra, trass i det vanskelege politiske forholdet. Rask sakshandsamingstid, saman med andre tiltak utanriksstasjonane våre i Kina har sett i verk, har medverka til dette.

Det er positivt at norsk reiselivsnæring deler vårt ynskje om rask handsaming av visumsøknadar. Utanriksdepartementet ser gjerne på korleis ein best kan samarbeide med næringa for å auke turismen til Noreg i tida framover.