Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:413 (2016-2017)
Innlevert: 16.12.2016
Sendt: 16.12.2016
Besvart: 21.12.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er status i statsråden sitt arbeid med å innføra auka byråkrati og krav om journalføring i fiskeindustrien frå 1. januar 2017?

Begrunnelse

Frå 1. januar 2017 vert fiskemottak og fiskeindustrien råka av ei kraftig byråkratisering ved at dei må føre journal fleire gonger undervegs i produksjonsprosessen.
Sjølv om det berre er dagar att til krava vert gjort gjeldande så veit ikkje industrien korleis dei nye krava vil sjå ut.
Fiskeriministeren understreka i Stortinget 13. desember at det framleis var dialog med næringa. Ikkje for å gjera forenklingar samanlikna med situasjonen i dag, men samanlikna med hans opphavelege framlegg.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Sjå svar frå meg vedlagt:
Arbeidet med å utarbeide ei ny landings- og sluttsetelføresegn tok til allereie så tidleg som i 2008, under den førre regjeringa, og i 2010 sende Fiskeridirektoratet ut eit forslag til føresegn på høyring. Forslaget innebar ei utvida plikt til å gi opplysningar, og utvida reglar om krav til vekter og veging, samanlikna med tidlegare reglar.
Målet med å få ei ny føresegn var å sikre ei meir korrekt registrering av det kvantumet som blir hausta av havet, samt å sørge for fleire kontrollpunkt gjennom verdikjeda. På det viset sikrar ein eit heilskapleg og rett bilete av uttaket av ressursar.
Siktmålet med å få rett registrering av all fangst er dels å sikre at det uttaket som ein bestand kan tåle, kjem alle aktørar til gode. I tillegg er målet å få tal som gir eit rett grunnlag for å forvalte bestandande våre på ein god og berekraftig måle.
Arbeidet med ny føresegn har vore både langvarig og omfattande, og saka har vore grundig handsama både gjennom høyring, høyringsmøter og dialog med næringa sine organisasjonar.
Etter at NRK i 2014 laga eit program som fokuserte på eit påstått svart fiske, såg regjeringa seg nøydde til – som eitt av fleire tiltak – å setje opp tempoet i prosessen. Eit stort fleirtal i næringa var samde om at dette var eit av dei viktigaste tiltaka som kunne gjennomførast for å sikre truverdet til at Noreg har kontroll over ressursuttaket og landingar av fangst.
Under vegs i dette arbeidet har organisasjonane hatt ei rekke innvendingar mot krava som blei utforma i 2010. Det har derfor vore naudsynt med ein omfattande dialog mellom organisasjonane i næringa, Fiskeridirektoratet og departementet for å sjå på kva behov som finst. Målet har vore å gjere kvardagen enklare for næringsaktørane, samstundes som ein tek omsyn til kontrollbehovet til tilsynsstyresmaktene.
Dei siste par åra har vi kome næringa i møte på ei rekkje område, og det er gjort fleire justeringar av krava i føresegna for å sikre forenkling og ei god implementering. Døme på forenklingar er ei prøveordning i samband med prøvetaking på pelagiske landingar til konsum. Det er innført ei dispensasjonsordning for mindre mottak der det blir akseptert at setel blir underskriven på eit anna tidspunkt dersom ikkje fiskemottaket er ope når landinga skjer.
Når det gjeld krav om at fangstar skal oppbevarast separat er det også lagt til rette for meir effektiv drift gjennom fleire endringar, som til dømes;
-Det er lagt til rette for at fangst kan setjast i produksjon med ein gong, så framt dei ulike fangstane blir haldne frå kvarandre gjennom produksjonen.
-Det er akseptert at næringa kan nytte såkalla "slumpkar" i samband med innveging ved bruk av gradervekter. Då slepp mottaka å ha fleire halvtome kar, og kan fylle dei opp med fisk frå fleire ulike fartøy.
-Hovudregelen er at heile fangsten skal førast på same sluttsetel. Her har vi i samråd med Sjømat Norge fått i stand ei ordning der setelen blir splitta. Då kan delar av fangsten førast vekk frå mottaket før heile fangsten er vegen inn.
I tillegg til forenklingane ovanfor har Fiskeridirektoratet gjort eit omfattande arbeid for å hjelpe og rettleie næringa slik at dei er godt førebudde til å gjere naudsynte endringar;
-Det er laga rettleiingar om dei sentrale krava i føresegna som er distribuert til næringa.
-Fiskeridirektoratet har vore deltakarar på ulike samlingar med næringa for å informere.
-Regionkontora til Fiskeridirektoratet har vitja og hatt møter med dei aller fleste mottaka for å rettleie.
-Det er utarbeidd sjekklister so mottaka kan nytte seg av når dei skal sjekke om dei oppfyller krava.
For å sikre ein smidig overgang i implementeringa av krava til journalføring arrangerte departementet berre for nokre veker sidan eit møte med næringa og Fiskeridirektoratet. Her fekk næringa sjølve kome med forslag til ytterlegare tiltak, og av dei forenklingstiltaka som blir sett i verk i desse dagar kan eg blant anna nemne;
-Omsetningsgrensa for å vurdere om verksemder kan få dispensasjon er no heva frå to millionar kroner til fem millionar kroner. No vil endå fleire verksemder enn tidlegare få dispensasjon frå journalkrava.
-Rettleiingar og nettsider blir oppdaterte.
-Instruks om handheving blir utarbeida før 1. januar 2017 – noko som vil sikre større grad av likebehandling ute i regionane.
-Tidspunkt for sluttføring av journal blir tilpassa kvar enkelt verksemd.
-Handhevinga av føresegna vil bli gjort smidig og gradvis.
Etter tre år med godt arbeid har vi no fått ei anna og betre føresegn enn det vi hadde i starten av prosessen. Ei føresegn som i 2010 verka både byråkratisk og lite framtidsretta er no blitt meir straumlinjeforma. Føresegna er tilpassa behova til både næringa og tilsynsstyresmaktene, og er godt eigna til føremålet; å forvalte dei felles ressursane våre på ein god og berekraftig måte, utan unødig byråkrati.