Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kulturministeren

Dokument nr. 15:417 (2016-2017)
Innlevert: 16.12.2016
Sendt: 16.12.2016
Besvart: 21.12.2016 av kulturminister Linda Hofstad Helleland

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere Stortinget om kor mange av dei tilsette ved dei ulike Statsarkiva som etter omorganiseringa har Statsarkivaren som sin faglige leiar, om talet på faste stillingar/årsverk ved Statsarkiva dei siste 3 åra, kan statsråden liste opp kva nasjonale oppgåver kvart enkelt statsarkiv har fått ansvar for etter omorganiseringa og kan statsråden gjere greie for kor stor årsverkauken har vore i Riksarkivet, sett opp mot dei einskilde statsarkiva siste 3 år?

Begrunnelse

Viser til statsrådens svar på spørsmål nr. 344 til skriftleg besvarelse. Spørsmålsstillar vurderer at svaret frå statsråden treng å følgjast opp nærare. I følgje statsråden skal Statsarkivar vere leiar for Statsarkivet. I følgje statsråden skal omstillinga i Riksarkivet føre til at oppgåver blir flytta ut av Oslo. Dette må etter spørsmålsstillaren sitt syn kunne visas igjen i konkrete nye oppgåver til kvart Statsarkiv, og i årsverkutviklinga mellom Riksarkiv og Statsarkiv. Det kan ikkje bare visas til etablering av Norsk Helsearkiv på Tynset.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland:

Lenke til svaret med tabell i pdf-format