Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:510 (2016-2017)
Innlevert: 13.01.2017
Sendt: 13.01.2017
Besvart: 23.01.2017 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden gje ei samla oversikt over kva som ligg i den mykje omtala «bilpakka» og korleis den samla sett og på dei ulike punkta vil slå ut for økonomien til bilistane i 2017?

Begrunnelse

Me har alle registrert at auken i drivstoffavgiftene var på plass 1. januar 2017.
Eg er ikkje kjent med at satsane i bomstasjonane nokon plass i landet er sett ned til nå. I statsbudsjettet ligg det inne 502 millionar kroner til ordninga. I svar på skriftleg spørsmål (Dokument 15:458 (2016-2017) skriv samferdselsministeren: «Som representanten Pollestad burde vært kjent med, betyr ikke det at takstene reduseres fra 01.01.17, men de vil få effekt på takstene i løpet av året.» Det er uklårt om talet som er nytta på 502 millionar er venta effekt i 2017 og at heilårsverknaden er høgare. Om ikkje har regjeringa blese opp talet i sitt budsjettframlegg for å pynte på «bilpakka».
Det er også uklårt korleis den endra innretninga på innkrevjing av årsavgift vil påverke det beløpet som bilistane faktisk skal betale i 2017.