Jenny Klinge (Sp): Meiner statsråden at informasjon via radio er viktig, og vil statsråden iverksetje tiltak som sikrar at områdene som er særleg utsette for ekstraordinære hendingar som ekstremvêr, flom og snøskred kan motta informasjon over radio, eller er det andre tiltak statsråden ser for seg skal nyttast for å sikre informasjon til innbyggjarane i nemnte krisesituasjonar?
Begrunnelse
FM-nettet i Møre og Romsdal og i Trøndelag blir sløkt 8. februar for dei store, riksdekkjande kanalane, og problematikken med manglande DAB-dekning blir tatt opp i leiaren i Sunnmøringen 12. januar:
«Sunnylvsbygda i Stranda er mellom stadane på landsbygda der ein ser med stor uro på DAB-dekninga. Der har mange innbyggarar skrive under ei liste og sendt brev til NRK fordi dei ikkje får inn DAB i bilen og heller ikkje i heimen. «For Sunnylvsbygda er radio svært viktig i beredskapssamanheng. Ved eit eventuelt ras i Åkneset vil Sunnylvsbygda bli heilt isolert i lang tid. Bygda kan og i periodar bli isolert på grunn av snøskred», skriv dei.»
Sikkerheita må vera like god for alle innbyggjarane i Noreg, uavhengig i kor i landet dei bur, og det herskar ingen tvil om at DAB-dekning kan bety mykje for varsling og evakuering i beredskapssamanheng. Eg meiner at befolkninga må kunne forvente at NRK sender ut signal til alle innbyggjarane for å oppfylle pliktene sine som allmennkringkastar. Det er eit påtrengjande behov for å byggje ut DAB-nettet raskt for å sikre tilstrekkeleg dekning i bygder og lokalsamfunn som er spesielt utsette i beredskapssamanheng.
Det er NRK som avgjer tilleggsutbygging, men justis- og beredskapsministeren har overordna ansvar for å sikre beredskapen i Noreg.