Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa sørgje for at kontor- og leiingsstrukturen for Jordskifteretten vert sett inn i ei samla vurdering av domstolstrukturen i Noreg, og at det ikkje skjer nedlegging/samanslåing av leiing av jordskifterettar i strid med lokale tilrådingar før ei samla sak om domstolane er handsama i Stortinget?
Begrunnelse
Våren 2016 foreslo Domstoladministrasjonen innføring av felles leiing ved fleire jordskifterettar på Vestlandet. Samtlege leiarar av jordskifterettane på Vestlandet sa seg usamde i dette på prinsipielt grunnlag, ut frå at framlegget i praksis etter deira syn medfører ei varig strukturendring av jordskifterettar utan at dette er forankra politisk. Domstoladministrasjonen svarte på dette at felles leiing av fleire domstolar er meint som ei "forsøksordning i spesielle tilfelle".
Det har etter dette blitt stadig fleire slike "forsøksordningar" - og det er ingen døme på at ei slik "forsøksordning" ikkje har blitt gjort om til ei varig endring når "forsøksperioden" er over.
I praksis har difor desse "forsøksordningane" skapt sterk uro om Jordskifteretts-kontora si framtid mange stader i landet. I Sogn og Fjordane er dette ekstra alvorleg fordi ein her brukar Jordskifterettane i Sogn og Nordfjord som basis for ein desentralisert modell for drifta av Fjordane Tingrett. Fjordane Tingrett er lokalisert i Førde, men takka vere samarbeid med jordskifterettane i Sogn og Nordfjord kan ein ha desentraliserte tenester nær brukarane over heile fylket.
Dersom jordskifterettane i Sogn og Nordfjord blir bygd ned, står dermed også dagens modell for drift av tingrettane i fylket i fare.