Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:548 (2016-2017)
Innlevert: 20.01.2017
Sendt: 20.01.2017
Besvart: 01.02.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kvifor krev no statsråden ei konseptvalutgreiing for RV13 Årdalstunnelen og kvifor har statsråden bidrege til å utsetja planlegginga av prosjektet i 3 år?

Begrunnelse

Førre regjering ynskte å ha ein KVU for RV13 slik at prosjekt i Ryfylke, mellom anna Årdalstunnel, kunne vera klar til prioritering i NTP våren 2017. Dette vart trekt attende av statsråden.
No kan ein lesa i media at statsråden meir enn tre år seinare likevel krev ein KVU for prosjektet Årdalstunnel. Då ein gjekk inn for å ikkje ha ein KVU så var grunngjevinga at det ikkje låg føre konseptuelle val. Så vidt eg er kjent med har verken fjella eller fjordane i Ryfylke endra seg vesentleg dei seinare åra, og det er vanskeleg å sjå ei anna grunngjeving enn ynskje om å trenera saka.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Kommunedelplanen for rassikring rv 13 Melkeråna – Årdal, som stortingsrepresentant Pollestad kallar prosjekt Årdalstunnel, er til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ei motsegnssak etter plan- og bygningslova.
Utbetring av rv 13 gjennom Strand kommune mot Hjelmeland kommune langs Tysdalsvatnet har skjedd etappevis og vore finansiert som rassikring. Kommuneplanarbeidet for den siste rasstrekninga "Melkeråna – Øygjaneset" har etter kvart blitt utvida til å omfatte strekninga "Melkeråna – Årdal". Denne utvidinga inneber at prosjektet ikkje berre varetek rasikrings-behovet, men gir også ei betydeleg innkorting av rv 13.
Kommunedelplanen for rassikring rv 13 Melkeråna – Årdal inneheld to prinsipielt ulike løysingar. Lang tunnel mot Årdal og kort tunnel langs den siste strekninga langs Tysdalvatnet. Dei lange tunnelalternativa vil bli litt over 10 km fordi dei er basert på å forlenge eksisterande tunnelar langs Tysdalsvatnet vidare mot Årdal. Desse alternativa varetek rassikring, og gir også betydeleg innkorting. Dei kortare alternativa svarar på behovet for rassikring, men vil ikkje gi innkorting. Dei to løysingsalternativa kan ikkje fullt ut samanliknast sidan dei gir heilt ulike effektar for strekninga. Det eine alternativet gir stor innkorting og rassikring, er kostbart og må byggast ut som eitt prosjekt.
Slik prosjektet no framstår, har dei aktuelle kommunane gjort vedtak om eit prosjekt som ikkje samsvarer med prosjektet det er gitt fritak frå KVU/KS1 for.
Statens vegvesen har motsegn til lang tunnelløysing fordi dei meiner kort tunnel varetek prosjektet sitt mål om rassikring. Dessutan vil den korte løysinga ikkje stå i vegen for ein ev. seinare tunnel mot Årdal. Samferdsledepartementet har støtta motsegna. Saka ligg no i Kommunal- og moderniseringsdepartementet for handsaming der.