Geir Pollestad (Sp): Kven sitt ansvar, både praktisk og økonomisk, er det at straumkunder har nok straum og til rett kvalitet, og kva vil statsråden gjera for at dette regelverket vert fulgt opp?
Begrunnelse
I Bondebladet 8. desember 2016 er det ei sak om ein bonde som opplevde for låg spenning i straumnettet. Det kjem der fram uvisse om kven som har det økonomiske ansvaret for å sikre straum til kundane av rett kvalitet. Det kan sjå ut som det er for liten kunnskap om kva krav som gjeld og om nettselskapa sitt høve til å krevja annleggsbidrag.