Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:559 (2016-2017)
Innlevert: 23.01.2017
Sendt: 23.01.2017
Besvart: 02.02.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kvifor vurderer samferdselsministeren å utsetje avgjerda, og kva informasjon er det i så fall departementet manglar?

Begrunnelse

På NRK Sogn og Fjordane vart det i dag opplyst at samferdselsministeren vurderer å utsetje avgjerda om kor vidt rv 52 eller rv 7 skal vere det andre hovudvegsystemet mellom aust- og vestlandet i tillegg til E134.

Då ministeren offentliggjorde det venta førstevalet E134 mellom heimfylket Rogaland og austlandet vart det hevda at ein trengte noko meir informasjon før avgjerda om det andre hovudvegsambandet skulle takast. No har Statens Vegvesen etter det lagt fram to utgreiingar som begge konkluderer med rv 52 Hemsedalsfjellet som det beste alternativet ut frå mange faktorar.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I saken til NRK Sogn og Fjordane står det "Ketil Solvik-Olsen […] skriv dette i ein e-post: «Beslutning om trasevalg vil bli tatt senere og fremlagt i Nasjonal transportplan (NTP).» Eg synes difor det er rart at det vert tolka som om eg angivelig vurderar å utsetje avgjerda. Eg står fast ved mitt utsegn.