Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:586 (2016-2017)
Innlevert: 31.01.2017
Sendt: 01.02.2017
Besvart: 08.02.2017 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Oppdrettsnæringa er ei viktig distriktsnæring som bidreg til arbeidsplasser og verdiskaping langs kysten. For å sikre langsiktige og forutsigbare inntekter til kommunar som stiller areal til disposisjon for næringa, vedtok Stortinget i 2015 å opprette eit havbruksfond. Kommunane har framleis ikkje fått utbetalt pengar frå fondet. Kor mykje er innbetalt til fondet frå 1.januar 2016 til 1. januar 2017,som skal fordelast til kommunane?

Begrunnelse

Då Stortinget i 2015 vedtok oppretting av havbruksfondet skulle fondet sikre langsiktige og forutsigbare inntekter til havbrukskommunene. I midlertid har inntektene uteblitt. Statsråden har tidlegare stadfesta at alle inntekter frå vekst som var innbetalt etter 1. januar 2016 skal tilfalle havbruksfondet, og fordelast etter ny fordelingsnøkkel med 70 % til kommunane og 10 % til fylkene. Ordførarar langs kysten etterlyser utbetalingane frå fondet.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: I 2016 fekk Fiskeridirektoratet innbetalt 38,5 millionar kronar frå ordningane med variabel tillaten MTB og 5 pst. kapasitetsauke. Den kommunale sektoren sin del er 80 pst. av desse midla, og av dette skal fylkeskommunane ha 12,5 pst. og kommunane 87,5 pst (der 12,5 prosentpoeng av dette er satt av til dei kommunane som har klarert ny biomasse). Kommunane si totale del av midla innbetalte i 2016 er då 26 950 000 kronar.
Når det gjeld midla frå ordninga med variabel MTB, tek eg sikte på at desse blir utbetalt i første kvartal. Når det gjeld midla som er innbetalt i samband med kapasitetsauken på 5 pst, er desse planlagt utbetalt i oktober. Det skuldast at fristen for å innbetale vederlaget i samband med denne ordninga ikkje går ut før 1. mars 2017. I tillegg har eg heldt tilbake den delen av fondet (12,5 pst) som skal tildelast dei kommunane som har klarert ny biomasse, dette gjeld midla frå både auka MTB og ordninga med variabel tillaten biomasse. Denne delen er og planlagt utbetalt i oktober.